1000 år sidan Olav blei døypt

Tusenårsminnet for Heilag Olavs dåp blir markert 17. - 19. oktober i Rouen i Frankrike. Der blir det brei deltaking frå norsk kyrkjeliv, og særleg frå Nidaros.

Frå katedralen i Rouen (Foto: Flickr Creative Commons/tracX)

Preses i bispemøtet i Den norske kyrkja, Helga Haugland Byfuglien og biskop i Nidaros, Tor Singsaas, er laurdag 18. oktober med i ei økumenisk gudsteneste i katedralen i Rouen.

Fra Nidarosdomens vestfront- Kjeldene fortel at Olav Haraldson var i Normandie nokre vintrar etter at han hadde vorte kristen i England som ung, og at han vart døypt i katedralen i Rouen. Antakeleg fann dåpen stad ein gong i åra 1014-1016. Vi har saman med den katolske kyrkja i Noreg funne å kunne markere dette no i år, seier domprost i Nidaros, Ragnhild Jepsen.

Ei arbeidsgruppe i Trondheim har arbeidd med å førebu jubileet frå norsk side, i samarbeid med kontaktar i Rouen. Bak arbeidsgruppa, som ein slags hovudkomitè, står preses Helga Haugland Byfuglien, biskop i Nidaros Tor Singsaas, biskop i Den katolske kyrkja i Noreg Bernt Eidsvig, og ordførar i Trondheim Rita Ottervik.

- Vi har fått gode kontaktar i Rouen, særleg i katedralen, men óg spennande kontaktar i den protestantiske kyrkja. Vi har også god kontakt med den norske ambassaden i Paris for å gjere jubileet kjent i Frankrike, fortel domprost i Nidaros, Ragnhild Jepsen.

Det viktigaste som skjer under jubileet er ei økumenisk gudsteneste laurdag 18. oktober, der tre norske biskopar deltek saman med den katolske erkebiskopen i Normandie. Der blir det avduking av ein minneplakett i krypten over staden der Heilag Olav vart døypt.

Frå Trondheim deltek også Trondheimsolistane og det gregorianske koret Schola Sanctae Sunnivae. Målaren Håkon Gullvåg stiller ut nokre av bileta frå utstillinga «Den bibelske syklus» i katedralen, før heile utstillinga skal stillast ut i ei anna kyrkje i Rouen i november og desember.

I år var det lyst ut ein komponistkonkurranse i Rouen med tema Heilag Olav. Den norske komponisten Henrik Ødegaard vann denne, og verket han skreiv skal framførast i Katedralen under den økumeniske gudstenesta. Det skal også vere eit seminar laurdag 18. oktober i regi av Olavsfestdagene og Nasjonalt Pilegrimssenter.


Kontaktperson:
Ragnhild Jepsen, domprost i Trondheim
ragnhild.jepsen@nidarosdomen.no  - Tlf.: 97 97 60 35

 

Seminar i november - Dåp gjennom 1000 år
Nidaros Pilegrimsgård arrangerar saman med Nidaros Domkirkes Restaureringsarbeider, Nasjonalt Pilegrimssenter og Nasjonalt kirkelig pilegrims-utvalg seminar i samband med at det er 1000 år sidan Olav Haraldsson blei døypt i Rouen. Seminaret Dåp gjennom 1000 år blir arrangert i Trondheim 19. - 20. november 2014.
Dåpen er det grunnleggjande einskapssymbolet i den verdsvide kyrkja. Gjennom fleire foredrag blir St. Olavs dåp og dåpsskikkar belyst kunsthistorisk og kyrkjehistorisk. Sjå invitasjon og program her.

 

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"