Ber NRK beklage antisemittisme i radioprogram

Preses Olav Fykse Tveit ber NRK ta grep etter antisemittiske uttalelser i radioprogram. – Det er forskjell på å kritisere regjeringen i Israel og å stigmatisere jøder, sier han.

– Det som har skjedd her er mer enn upassende. Det var klart antisemittiske utsagn. Og det bør ryddes ordentlig opp i, sier preses Olav Fykse Tveit.

I radioprogrammet «Shaun på P13» tirsdag 2. februar ble det fremført en harselerende kritikk av staten Israel, men også antisemittiske uttalelser rettet mot jøder. NRK har siden beklaget det «upassende» innholdet, og fjernet innslaget.

Fykse Tveit sendte torsdag brev til kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen der han oppfordrer rikskringkasteren til å presisere at de beklager antisemittiske uttrykk i programmet.

 

Her kan du lese brevet:

Kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen
NRK


Anti-semittisme i NRKs program

Kjære kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen,

NRK har som eitt av sine kjenneteikn ei svært god dekning av utanriksstoff, med sakleg og brei informasjon. Det gjeld også om det som skjer i Midt-Austen og den uløyste konflikten mellom Palestina og Israel. I programmet «Shaun på P13» tysdag 2. februar vart det framført ein harselerande kritikk som ikkje skulle vore sendt av ein ansvarleg redaksjon, korkje NRK eller andre. Det er difor eit viktig grep når har NRK tatt sitt redaktøransvar og beklagd at det vart sendt, og tatt den delen av programmet ut.

Men det trengs meir enn ein generell beklagelse i dette tilfellet, og det håpar eg at du som ansvarleg redaktør tar eksplisitt tak i. Det gjeld det klart anti-semittiske i det som vart framført. Det var ikkje berre ein kritikk av den politikk den israelske regjeringa fører, noko som mange framfører både i Israel og utanfor landets grenser, ikkje minst med tanke på den okkupasjons- og annekteringspolitikken som vert ført overfor den palestinske befolkninga i området. Slik kritikk kjem som kjent frå offisielt norsk hald. Det skjer også frå Den norske kyrkja si side.

Men i dette innslaget er det noko anna som skjer: Det er som jødar dei vert kritiserte her, og måten det skjer på har klare trekk av klassisk anti-semittisme. Det er i dette innslaget referert til menneske ut frå si sjølvforståing som jødar, i og med uttrykket «Det utvalgte folk», og det vert kombinert med svært stigmatiserande omtale og hatefulle uttrykk, endå til eit slags ønskje om at sjukdom og død må ramme dei ved at vaksinen ikkje skulle virke.

Denne form for anti-semittiske uttrykk overfor jødar har ei farleg verknadshistorie, og vi må ta spesielt tak i dette når det førekjem for at det ikkje skal normaliserast og aksepterast. Det er vårt ansvar som storsamfunn å ta dette på stort alvor. Dette er vårt ansvar som kyrkje å ta det opp, både kritisk og sjølv-kritisk. Regjeringas plan for å bekjempe anti-semittisme har også spesielt lagt vekt på at det er ikkje opp til minoriteten å bekjempe slikt åleine, det er storsamfunnets ansvar.

På denne bakgrunn vil eg oppfordre NRK til å presisere at de beklagar at dette skjedde, ikkje berre fordi det var upassande, men også fordi det var eit klart anti-semittisk uttrykk.

Oslo, 4. februar, 2021

Med helsing

Olav Fykse Tveit
Preses og biskop i Den norske kyrkja

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"