Arendalsveka: Velkomen ombord – fysisk og digitalt

I år som tidlegare år vil Kyrkjeskipet ankre opp inst i Pollen i Arendal. Her kan du nyte ei gratis vafle og lytte til innhaldsrike samtalar. Programmet på Kyrkjeskipet vert strøyma digitalt, så du kan følgje med på nett frå der du er.

Den norske kyrkja ynskjer velkomen ombord på Kyrkjskipet under Arendalsveka! Den vakre seglskuta Fryden er sjølve Kyrkjeskipet – skonnerten Aida fungerer som scenebåt like ved. 

Kvar morgon kl 09.15 vert det frukostmøte med servering – og utover dagen er det fleire samtalar: Kl 12.15, kl 14.15 og kl 16.15. 

På programmet står mellom anna samtalar om det livssynsåpne samfunn, klima, trusfridom, menneskehandel, krig og fred. Fleire av arrangementa vert gjennomført i samarbeid med Kirkens nødhjelp. Avisene Dagen og Vårt land vil ha live-innspilling av sine podkaster Tore&Tarjei og Åpenbart. 

Les heile programmet her! 

Gratis vaflar og nattkafé

Sjømannskyrkja er på plass som samarbeidspartnar også i år. Gjennom heile dagen får du nysteikte vaflar og nytrakta kaffi – heilt gratis. 

Kvar kveld frå klokka 20.00 vert det nattkafé på Kyrkjeskipet. Dette har ikkje vore mogeleg dei siste åra grunna pandemien – men endeleg vert det høve til å sitje på Kyrkjeskipet utover kvelden. 

Konsertar, kunstutstilling og dåpsdag 

Trefoldighetskirken ligg midt i Arendal sentrum. Gjennom heile veka er det store og små arrangement som er opne for alle. På morgonen vil ulike politikarar halde ord for dagen og til lunsj vert det lunsjkonsertar. På ettermiddag og kveld vert det variert program, med foredrag, samtalar og ulike gudstenester.

Onsdag inviterer kyrkjelyden til Den store dåpsdagen. Dørene står på vidt gap, og alle som ynskjer kan få bli døypt, heilt enkelt. Etter dåpsdagen vert det dåpsfest! 

Følg programmet digitalt 

Alle samtalane på Kyrkjeskipet vert strøyma direkte til Facebook. På den måten kan du få med deg samtalane frå der du er – anten du sit på kontoret eller på hytta. 

Dersom du har konto kan du følgje Facebook-sida til Kirkeskipet. Da vil du få med deg dei ulike direktesendingane. 

kirkeskipet.no kan du sjå oversikt over alle arrangementa. Her finn du også lenke til Facebook, slik at du kan sendinga. Du treng ikkje logge inn for å sjå. 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"