Økumeniske samlingar på nett

I høve bøneveka for kristen einskap er du invitert til digitale økumeniske kveldssamlingar frå ulike kyrkjer over heile landet.

- Noko av det som foreiner kristne rundt om i verda er at vi alle ber til Gud. Vi har ulike bønetradisjoner og bønespråk, men tilbedinga og relasjonen til Gud er den same. Vi ber for kvarandre, takker Gud når noko godt hender oss eller andre, og vi grét saman til Gud når sorga rammer, seier internasjonal direktør i Kyrkjerådet Berit Hagen Agøy.

I høve bøneveka kan du få med deg gudstenester og bønnestunder frå ulike kyrkjer og kyrkjesamfunn over heile Noreg kvar kveld klokka 19 på Norges Kristne Råd sine Facebooksider. Temaet for årets bøneveke er Bli i min kjærlighet, og dere skal bære mye frukt. (Sml. Joh 15,5-9).

- Forbønn knyt oss saman med dei vi ber for, og slik bidrar den økumeniske bøneveka til å styrkje felleskapet mellom ulike kyrkjesamfunn og mellom kristne i alle land, seier Berit Hagen Agøy.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"