Helsing frå statsråden til Kyrkjemøtet

Barne- og familieminister Kjersti Toppe tala til Kyrkjemøtet på opningsmøtet torsdag 11. november. Ho la mellom anna vekt på rammevilkåra til kyrkja, vedlikehald av kyrkjebygg og kulturarv, spesielt inn mot 1000-årsmarkeringa for slaget på Stiklestad

Kirkerådsleder og statsråd på Km2021

Se hele talen til statsråd Kjersti Toppe her

Les hele talen her

Kjære Kyrkjemøte,

For fire veker sidan fekk eg ein hyggeleg telefon frå Jonas Gahr Støre. Han spurte om eg kunne tenkje meg å vera statsråd for barne- og familiefeltet. Eg takka ja til det. Eg hadde høyrt nyss om at trus- og livssynsfeltet vart vurdert flytta vekk frå departementet. Eg veit ikkje om det var heilt politisk korrekt, men i den samme samtalen sa eg «Men trus- og livssynsfeltet, det vil eg ha!» Og sånn blei det. Heldigvis.

Så i dag er det ein glad og spent statsråd som står framføre mitt første Kyrkjemøte.

Glad fordi eg fekk med meg ein utruleg viktige portefølje, som eg ser fram til å jobbe med.

Spent fordi dette dels er eit nytt fagfelt for meg, eit viktig fagfelt som er gjennomgripande for heile samfunnet vårt og svært viktig for mange menneske. Eg har ærefrykt for dei oppgåvene eg skal gjere, i lag med dykk. For det ligg mykje spennande framføre oss – både dei neste fire åra og i eit lengre perspektiv.

Kyrkje, diakoni og helsesektoren

Min bakgrunn er helsefagleg. Eg er utdanna lege og har i 12 år vore i Helsekomiteen på Stortinget. Eg forstår om nokon sånn med ein gong tenkjer at det ikkje er den bakgrunnen ein drøymer om for ein trus- og livssynsminister. Men ser vi historisk på det, har banda mellom det religiøse og betjeninga av sjuke og trengande alltid vore sterke. Ikkje berre her i Noreg, men i nær sagt alle samfunn.

Eg tilhøyrer dei som trur at vi også har mykje å hente på å la desse banda forbli sterke. Dette er også bakgrunnen for at eg engasjerte meg i det som heitte Kontaktforum for kyrkje og helse. Vi jobba for nettopp å styrkje samhandlinga mellom helsesektoren og Den norske kyrkja og dei diakonale institusjonane. Og vi forsøkte å leggje til rette for møteplassar der vi kunne drøfte aktuelle etiske, verdimessige og politiske utviklingstrekk.

Rammevilkåra til kyrkja

Opp gjennom åra har eg også vore oppteken av å skape gode rammevilkår for ideelle organisasjonar innanfor helse- og omsorgssektoren. Spør ein folk på gata, er Den norske kyrkja kanskje ikkje det første folk flest tenkjer på i denne samanhengen. Men i Noreg er Den norske kyrkja sjølve opphavet til at det finst både ein offentleg og ein ideell omsorgssektor.

I dag ser ein kanskje best denne delen av kyrkja sitt oppdrag gjennom diakonien. Men for meg er dette sosiale oppdraget grunnleggjande i alt kyrkja er og gjer. Det å gjere ting for andre utan tanke på eigen vinning. Dette gjer kyrkja både relevant og aktuell – og ikkje minst nødvendig – i dagens samfunn. Det er framleis eit viktig samfunnsoppdrag.

Det vart sagt dette med føreseielege rammevilkår. Eg vil prøve å vere ein statsråd som tale Den norske kyrkja og trussamfunna si sak. Som statsråd kjem eg til å arbeide for at Den norske kyrkja skal ha gode rammevilkår.

Regjeringa ønskjer å vidareføre den finansielle ansvarsdelinga mellom staten og kommunane. Og vi ønskjer å føre vidare det lokale ansvaret for kyrkjebygga og gravplassane. Vi trur dette er viktig for å skape gode lokalsamfunn. For å skape engasjement om det arbeidet som blir gjort.

Ikkje minst er det viktig å ivareta den særskilte rolla Den norske kyrkja har som ei levande og inkluderande folkekyrkje, med lokalt nærvær, presteteneste og trusopplæring i alle sokn.

Kyrkja har ved trussamfunnslova fått større mynde til sjølv å velje organisering. Men soknet er og forblir den grunnleggjande eininga i Den norske kyrkja. Dette er ein del av trussamfunnslova som ligg fast. Så skal vi og eg gjere det vi kan for at vi i årlege budsjettprosessar klarar å innfri på dette med rammevilkåra.

Kjønnsrepresentasjon i administrative organ

I Hurdal-plattforma har det kome fram at vi ønskjer å sjå nærare på trussamfunnslova, og spesielt på dette med kjønnsrepresentasjon i dei administrative organa i trussamfunna. I Den norske kyrkja er kvinnerepresentasjon ikkje lenger ei utfordring. I alle fall ikkje jamt over. Faktisk vil eg sei at det kvinnene i Den norske kyrkja har gått i bresjen for – og som Den norske kyrkja administrativt etter kvart har omfamna og sjølv målbore – er verdt å ta av seg hatten for.

Men den vitnar òg om noko viktig: Endring i trussamfunna må starte innanfrå. Det må vere frø der som endring kan vekse ut frå, men: Utan krav frå samfunnet. Utan eit visst ytre press. Forventningar. Eg har ikkje tru på at vi klarer å få til reell likestilling utan å stille meir konkrete krav i lova.

Men vi skal finne balansen, og vi skal vege mot religionsfridomen. Dette skal vi utgreie rammene rundt. Men alt i alt vil vi sjå på om vi kan få til noko meir enn det som ligg der i trussamfunnslova i dag.

Kyrkjebygg

I åra som kjem er det fleire viktige saker på agendaen. Ein som mange er oppteken av er knytt til delinga av Opplysningsvesenets fond. Her har staten og kyrkja blitt samde om at 145 prestebustader og nær 200 tomteareal som er kyrkje- eller gravplassgrunn skal overførast til kyrkja. Det står att 18 saker det er usemje om, samt nokre næringseigedommar departementet skal vurdere.

Eg vil rette ein stor takk til kyrkja for det arbeidet som er gjort for å få til ein god prosess i denne saka. Eg veit at det til tider har vore krevjande. Men alt i alt vil eg sei at usemje om 18 av i nær 300 prestebustader er eit godt utgangspunkt.Vi arbeider no med desse og eg trur vi vil komme fram til ei løysing om ikkje så altfor lenge.

Så har eg sett i pressa at nokre fryktar at kyrkja skal kome i ei "fattigdomsfelle" ved å få så mange eigedommar å vakte. Eg forstår den bekymringa, men der vil eg vise til at Stortinget sitt vedtak òg inneber at kyrkja ikkje skal tape økonomisk på den valde løysinga for deling.

Så er det kva som skal skje med resten av fondet, på kort sikt og på lengre sikt. Den saka er ikkje landa. Verken stortingsmeldinga om fondet eller lovproposisjonen om ny lov for Opplysningsvesenets fond løyste korleis verdiane staten blir eigar av, skal forvaltast framover.

Det er slege fast at staten skal bidra med ein innsats for å setje i stand kulturhistoriske viktige kyrkjer som tilsvarar den verdien staten blir eigar av. Korleis dette skal gjerast er noko vi arbeider vidare med no.

Det vi likevel veit sikkert, er at vi skal få til ei storstilt satsing på kyrkjebygga våre framover. For mange freda og verneverdige kyrkjer i Noreg er i for dårleg stand. Staten må i større grad hjelpe kommunane og private kyrkjeeigarar med kyrkjevedlikehaldet. Delinga av verdiane i fondet gjev oss ein historisk moglegheit.

Det var så fint som vart teke fram i kyrkjerådsleiaren sin tale, om kva kyrkjebygga betyr for folk. Det har mykje med identiteten til folk å gjere. Berre ei lita historie: Eg hadde ein veldig identitet i kyrkja knytt til onkel Ola i Sogn. Det var ei lita bygd i Sogn og Fjordane der mor mi kjem frå. Onkelen min var kyrkjetenar, han var klokkar, organist og gravar. Det var i grunnen berre prest han ikkje var. Han var sjølve kyrkja i bygda. «Identitet» er berre forbokstaven. Gjennom han fekk eg ei veldig innleving i kva kyrkjebygget er, og eg er svært glad i alle kyrkjebygga våre.  

1000-årsjubileet på Stiklestad

I Hurdalsplattforma peikar vi på 1000-årsmarkeringa for slaget på Stiklestad og betydninga av at dette blir ei nasjonal markering. Regjeringa ønskjer å løfte fram vår kristne og humanistiske kulturarv, og det finst vel knappast eit betre høve til å gjere dette enn i 2030?

Vårt mål er at alle steinkyrkjene frå mellomalderen skal vere sett i stand til jubileet. Men samtidig ser eg at det også er andre kyrkjer som har eit presserande vedlikehaldsbehov og der vi kanskje ikkje har råd til å vente. Dette skal vi finne gode løysingar på saman med Riksantikvaren, Den norske kyrkja og dei andre departementa som vi samarbeider med.

I år skal Kyrkjemøte handsame utkast til kyrkjeleg kulturarvstrategi. At kyrkja no tek ei så offensiv rolle som kulturarvforvaltar, trur eg blir viktig for det arbeidet vi skal inn i. For kyrkjebygga våre treng ikkje berre å bli sett i stand. Vi må også klare å formidle historia om desse bygga. Vise fram den verdien dei har for samfunnet vårt.

Då treng vi både bevaringsprogram for istandsetting og strategiar for formidling og bruk av bygget. Og ikkje minst: Vi treng eit godt samarbeid mellom Den norske kyrkja, antikvariske styresmakter og oss som sit i regjeringsapparatet. Det trur eg det er godt grunnlag for dei neste fire åra.

Klima og miljø

Kyrkjemøtet skal arbeide med klima, miljø og berekraft. Den menneskeskapte klima- og miljøkrisa er vår tids største utfordring.

«Meir himmel på ei trua jord» vitnar om at Den norske kyrkja er sitt ansvar bevisst. Der er det sett konkrete mål, som å kutte klimautslippa frå reiseverksemd med 53 % innan 2030. Men det er også lagt opp til å jobbe for endring: Kyrkja skal vere ein pådrivar for at vi som samfunn oppfyller forpliktingar i Parisavtalen og i berekraftsmåla. Kyrkja skal stimulere til handlingsalternativ og endringar i forbruksmønster. Og ho skal jobbe for å styrke dialogen mellom trussamfunna på dette området.

Eg har registrert at det er ein offentleg debatt om dette. Eg meiner det er bra at kyrkja viser ei tydeleg stemme i klimasaka. I samfunnsdebatten vert det ofte peika på at kyrkja må vere nøytral. Ho representerer alle medlemmer. Då må ho ikkje «velje side» i saka.

For meg handlar ikkje dette om å velje side. Det handlar om å medverke til å «drøfte aktuelle etiske, verdimessige og politiske utviklingstrekk», som vi ville sagt i Kontaktforumet for kyrkje og helse. Kyrkja er godt skodd til å sjå dei etiske dilemma i saker og tale klokt om vanskelege val. Betre skodd enn dei fleste institusjonar i samfunnet.

Slik eg ser det, treng vi difor kyrkja si stemme i samfunnsdebatten. Både når ho talar om klima og politiske saker på andre samfunnsområder. Eg har ofte etterlyst kyrkja si stemme i samfunnsdebatten.

Covid-19

I godt og vel halvanna år har covid-19 pandemien tvunge oss til å endre reisevanar og handlingsmønstre. Vi har fått kjenne på korleis det er å ikkje kunne møtast fysisk. Kor krevjande det kan vere.

Men vi har også sett ei kyrkje som raskt klarte å snu seg og tilby tenestene sine på nye og kreative måtar. Ei kyrkje som har vore ein konstruktiv og god samarbeidspartnar for styresmaktene. Det vil eg takke for. Eg trur kyrkja sitt arbeid i denne tida har hatt stor verdi for mange der ute.

Men eg vil også legge til: Eg har vore bekymra for at kyrkja ikkje har kunne oppretthalde sitt tilbod under koronapandemien. Vi skal ikkje undervurdere kor hardt det har vore for mange, særleg eldre og einsamme. Eg veit frå mi eiga mor si erfaring at det å ikkje kunne gå i gravferd til nære vener, til nær slekt, er mykje hardare for folk enn det som kjem fra i rapportar. Eg håper at når vi får ei ordentlig evaluering av kva som hendte, må kyrkja sin plass i krise vere ein av tinga vi ser nøyare på. Eg meiner det er skilnad på ei kyrkje og eit konserthus.

I stort ser det no heldigvis lysare ut, sjølv om det her i Trondheim til dømes har ei oppblomstring av smitte. Vi har høg grad av vaksinedekning i samfunnet, så vi er i ein bedre situasjon enn for eit år sidan. Samtidig som vi ser at pandemien ikkje er over, så har vi ikkje dei restriksjonane vi hadde tidlegare. Eg håper vi også har blitt litt klokare på kva tiltak vi sett inn.

Eg trur vi no gjer klokt i å stoppe litt opp. Kva kan vi ta med oss frå denne tida som har vore positivt? Familier har fått meir tid i lag. Ungdommar snakkar meir med foreldra sine. Eg trur dette også kan vere positivt for trussamfunna. For klima og det samfunnet vi lev i?

Eg veit at kyrkja er oppteken av dette. Men når de no skal handsame saker om alt frå klima til fjernmøter til heilskaplege strategiar for kyrkja sitt arbeid framover, vil eg utfordre dykk til å ha dette med dykk.

Avslutning

Eg vil ønskje dykk lykke til med Kyrkjemøtet og alle sakene som skal handsamast. Eg ser det er mange saker på sakslista, mellom anna at det skal vedtas ein langsiktig og tverrfagleg rekrutteringsstrategi for Den norske kyrkja. Det trur eg kjem til å bli viktig.

Sakspapira rår også til at Kyrkjemøtet bør fastsette at val framleis skal finne stad på same stad og til same tid som offentlege val. Regjeringa er opptatt av eit velfungerande demokrati i kyrkja. Utan dette er det vanskeleg å oppretthalde folkekyrkja.

Ein liten appell til slutt: De må vere stolte over den jobben som Den norske kyrkja gjer og den rolla Den norske kyrkja har i samfunnet. De må ikkje undervurdere den jobben som vert gjort, og de må ikkje undervurdere kor viktig dette er for lokalsamfunn og for menneske over heile Norge. De må ikkje fokusere på å telje tomme kyrkjebenkar, men sjå på kva de får gjort og kor utruleg viktig arbeid det er, langt ut over kyrkjebenkane: Det betyr noko for heile samfunnet, det er ein grunnmur. Det skaper rammer rundt eit liv; ingenting kan vel vere viktigare.

Eg ser fram til dei neste fire åra og vonar vi får eit godt samarbeid om viktige saker som skal på plass.

Godt kyrkjemøte

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"