Basecamp – ein stad å høyre til

I Øygarden kommune opplevde dei at ein del rotlause ungdomar søkte til storsenteret fordi dei ikkje hadde noko betre å ta seg til. Med samarbeidsprosjektet Basecamp har ungdomane no fått ein stad å høyre heime.

Basecamp er eit rus- og kriminalitetsførebyggjande tiltak for ungdom mellom 13-25 år. Det ligg på Sartor Storsenter i Øygarden kommune. Tiltaket rettar seg inn mot ungdom som oppheld seg mykje på senteret og gjerne ikkje deltar i andre organiserte aktivitetar, unge som av ulike grunnar har ein tøffare kvardag enn ungdomar flest. 

– Me er stolte av det me gjer, fordi me ser at det fungerer og vi får tilbakemeldingar om at me gjer ein forskjell i mange ungdomars liv, seier Jon Andreas Tjentland. Han er er ungdomsdiakon og dagleg leiar i Basecamp.  

Positivt samarbeid 

Tiltaket starta 2004 av di ein i lengre tid hadde erfart ein del utfordingar med ungdom som hang mykje på kjøpesenteret utan noko fornuftig å gjere. Då kjøpesenteret ville byggja ut fekk dei difor ein klausul frå kommunen om sette av areal til ungdomsarbeid. Dette vart basen for Basecamp. For samstundes ville den dåverande diakonen  gjere noko positivt for desse unge, og hadde eit sterkt ønske om å bidra.  

Slik vart eit samarbeid mellom det kyrkjelege fellesrådet, kjøpesenteret og kommunen fødd. Prosjektet fekk namnet Basecamp og vart fort ein suksess. Namnet spelar på den faktiske tydinga av omgrepet base camp. 

– Me ynskjer  å tilby ein stad der dei unge kan ha ein trygg base i livet, der dei kan få ei pause, få påfyll og rett og slett kan føle seg heime, fortel Tjentland. 

Det som starta som eit treårig prosjekt, har frå 2007 vore eit fast tiltak og det vart etablert som ei eiga foreining. Basecamp er finansiert gjennom medlemsorganisasjonane i foreininga, prosjektmidlar og gåver frå ulike givarar. Verksemda har i dag til saman åtte tilsette.  

Ifølge dagleg leiar Jon Anders Tjentland har noko av suksessoppskrifta vore nettopp samarbeidet:  

– Me opplever det som veldig positivt med samarbeidet på tvers . Det hadde ikkje vore det same om det var berre kyrkja, senteret eller kommunen sitt tiltak. Det gjer ei positiv synergieffekt å samarbeide slik, sidan me har ulike perspektiv og betre kan nytte kvarandre sitt potensiale, seier ungdomsdiakonen. 

Vil bidra til å realisera draumar  

Målet med Basecamp er å hjelpa ungdom som på ulike måtar er i ferd med å falle utanfor. Basecamp er tufta på verdiane nestekjærleik, verdigheit, omsut og inkluderande fellesskap. Visjonen er å bidra til å realisera draumane til ungdom om eit godt liv. Målgruppa får tilbod om ei rekke ulike aktivitetar, frå ope hus og aktivitetsdag til naskerisamtale og hasjavvenningskurs.  

Etter kvart vart også Basecamp RePro starta. Dette er eit arbeidspraksistiltak for ungdom mellom 16 og 25 år som står utanfor arbeidsmarknaden eller som manglar skule- eller læreplass. Her lærer ungdomane å fikse møbler, interiør, tekstilar og syklar, og gjev nytt liv til det som andre har kasta. For ungdomane skal Basecamp RePro i tillegg vera ein stad for å revitalisere seg sjølv, slik at nye moglegheiter kan opne seg for å komme vidare på utdanning eller anna permanent arbeid.  

– Målet er at Basecamp RePro skal fungera som eit springbrett vidare i livet gjennom at ein får arbeidspraksis og hjelp til å navigera i Nav-systemet og til å skriva jobbsøknadar, fortsett Jon Andreas. 

Både Basecamp og Basecamp RePro er store suksessar og får så å seie berre positive tilbakemeldingar, både frå ungdomane og frå andre 

– Me får tilbakemeldingar som «kvifor har ikkje alle kommunar eit slikt tilbod?», avsluttar Jon Andreas Tjentland. 

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på "Oppdater samtykke". Evt. klikk på "Godta alle cookies" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"