Drop-in-bryllaup i 16 kyrkjer

På valentinsdagen 2024 er det 16 kyrkjer som inviterer til at folk kan gifte seg på drop-in. – Eit kyrkjebryllaup kan vere rimeleg og enkelt, og samtidig like høgtideleg, vakkert og romantisk, seier kyrkjerådsleiaren.

14. februar er det drop-in-bryllaup i kyrkjer i ulike delar av landet. Foto frå drop-in-bryllaup i 2022 (foto Audun Hagen / Den norske kyrkja).

På valentinsdagen, 14. februar, er det drop-in-bryllaup i 16 ulike kyrkjer. Går du med gifteplanar, kan du gifte deg på drop-in i Øyer, Ål, Nøtterøy, Ås, Ski, Askim, Ulsteinvik, Stryn, Flosta, Vågå, Egersund, Oddernes, Årnes, Halden, Flå og Uvdal. 

Sjå oversikt på skjerikyrkja.no

– Mange trur ar kyrkjebryllaup medfører fleire år med planlegging, to-tre kjolar og mange hundre gjestar. Men eit kyrkjebryllaup kan vere rimelig og enkelt, og samtidig like høgtideleg, vakkert og romantisk. På drop-in-bryllaup får par dette til eit vesentleg lågare budsjett – og ei mykje mindre klimabelastning. 

Det seier leiar i Kyrkjerådet, Kristin Gunleiksrud Raaum. 

Når ei kyrkje inviterer til drop-in-bryllaup, krevst det ingen påmelding. Fleire kyrkjer fortel likevel at mange par tek kontakt med kyrkja for å halde av tid, og gje sine ynskjer til song, musikk og tale. 

Alle par som vil gifte seg må ha prøvingsattest frå Folkeregisteret. Denne viser at ein oppfyller krava til å inngå ekteskap. I følgje Skatteetaten vert nær halvparten av søknadane om prøvingsattest handsama automatisk. Desse para får dermed prøvingsattesten umiddelbart. 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"