Drop-in-dåp: Far og dotter vart døypt

– Guds og Andens nærvær er heldigvis ikkje avhengig av verken dåpskjole, bunad, kake eller fest, seier sokneprest Marita Bjørke Ådland om drop-in-dåp.

Linnéa og Anders Eriksson er blant de åtte som vart døypt i Slemmestad kirke.

Stadig fleire kyrkjer har invitert til drop-in-dåp som ein del av pinsefeiringa. Ein helt enkel dåpsseremoni, samstundes som den er like stor og høgtideleg.

Ei av kyrkjene som opna for drop-in-dåp denne pinsehelga, var Slemmestad, der Marita Bjørke Ådland er sokneprest.

Gjennom dåpen får ho formidla Guds kjærleik og nåde: – Det finst ikkje noko større, finare og viktigare, meiner Bjørke Ådland.

Denne dagen vart åtte menneske døypt: små born, komande konfirmantar og vaksne frå heile Asker.

Det er stort og sterkt å få døype menneske, fortel soknepresten. Og det heile fekk denne søndagen skje i ei heilt enkel ramme. Ein treng ikkje melde seg på, ein treng ingen fest eller mange gjester. Ein treng berre eit ynskje om å verte døypt.

– Guds og Andens nærvær er heldigvis ikkje avhengig av verken dåpskjole, bunad, kake eller fest.

Glade for å ha blitt døypt

Far og dotter, Anders og Linnéa Eriksson, var to av dei åtte som vart døypt på drop-in i Slemmestad kirke denne pinsedagen.

– Vi er veldig glade for å ha blitt døypt, seier duoen.

Pappa Anders fortel om dagen: – Dåpen var i fine omgjevnader, og vi var veldig godt tatt imot av alle i kyrkja. Presten leste bibelord, og vi bad og song saman.

Presten øser en håndfull vann over hodet til anders i dåpen. de smiler begge to,

Deretter sjølve dåpshandlinga: prest Marita auste tre handfullar vatn over hovudet på dotter og far. Og så formulerte ho dei kjente og høgtidelege orda: – Eg døyper deg til namnet åt Faderen og Sonen og Den heilage ande.

Då var det gjort. Heilt enkelt, like stort.

Far og dotter var veldig nøgde med seremonien i Slemmestad kirke.

– Seremonien vart avslutta med vakker song til orgeltonar, fortel Anders Eriksson.

Et stort val å bli døypt som vaksen

Linneá og Anders er to av dei mange som har valt drop-in-dåp dei siste åra. Mange ungdommar og vaksne som har tenkt på dåp lenge har sett pris på den enkle seremoniforma.

– Det er eit stort val å ta å lata seg døypa som vaksen, difor vert det også så sterkt som prest å få vera ein del av den avgjerda, fortel sokneprest Marita Bjørke Ådland.

Ho utdjupar: – Det store underet skjer i dåpen, og det å møta blikket til alle som kjem for å verte døypt, det er det beste med prestejobben.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"