– Ei gåve i rett tid til Den norske kyrkja

Mange hadde møtt fram i Hamar domkyrkje for å ta eit siste farvel med Rosemarie Köhn, den første kvinnelege biskopen i Noreg. Preses Olav Fykse Tveit skildra henne som ei gåve til Den norske kyrkja og til det norske samfunnet.

Tidlegare Hamar-biskop Solveig Fiske leia gravferda til Rosemarie Köhn. Foto Heiko Junge / NTB

Rosemarie Köhn døydde 30. oktober, 83 år gamal. Preses Olav Fykse Tveit heldt minnetalen i gravferda hennar. Sjå opptak av gravferda i NRK TV her.

– Ho var ei av dei første kvinner som vart ordinert til presteteneste. Ho var den første kvinna som var rektor for Det praktisk-teologiske seminaret ved Universitetet i Oslo. Ho vart i 1993 Den norske kyrkjas første kvinnelege biskop, men også den første i Norden og den tredje i den lutherske verdsfamilien. Med dette vart ein draum oppfylt, om at likeverd og likestilling skulle gje seg eit slikt uttrykk i kyrkjas leiarskap. Slik er ho ikkje berre ein person. Ho endra også kyrkjehistoria.

Fykse Tveit skildra Köhn som ei gåve: 

– Ho var ei heilt spesiell gåve i rett tid til Den norske kyrkja og til alle hennar medlemmer, men også til heile det norske samfunnet. Vi ser overveldande teikn på dette i dag, og vi høyrer og les det som vert sagt om kor mykje ho fekk bety for så mange. Det takkar vi henne for i dag. Vi takkar Gud for den ho var.

Sannhetens øyeblikk

Gravferda var leia av tidlegare Hamar-biskop Solveig Fiske. I talen fortalde ho om "Sannhetens øyeblikk" som Köhn opplevde. 

– Sannhetens øyeblikk der biskop Rose såg evangeliet si varige vilje og stod opp for det frigjerande og gode som Jesus Kristus kom med og stadig kjem med. 

– No er ho overgjeven i Guds gode hender – til den kjærleik som er sterkare enn døden, avslutta Fiske. 

Ei som samla

Fleire frå det offisielle Noreg var til stades i gravferda, mellom anna H.M. Dronning Sonja, første visepresident på Stortinget Svein Harberg og Høgyesterettsjustitiarius Torill Marie Øie. Frå regjeringa deltok Trygve Slagsvold Vedum, Kjersti Toppe og Anette Trettebergstuen. 

I helsinga frå regjeringa peika Trygve Slagsvold Vedum på at utnemninga av Kåohn som kvinneleg biskop var kontroversielt. 

– Det at ho var kvinne var nok til å skape splitting. Men Rosemarie Köhn sjølv – biskop Rose – var ikkje ei som splitta. Ho var ei som samla. 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"