Eit friminutt frå sorga

- Å vandre i fjella med likesinna gav meg eit friminutt i frå sorga, sjølv om ho var med heile tida. (Deltaker på pilegrimsvandringa "Vandring for forandring" i fjor.)

Vandring for forandring er ein pilegrimstur for etterlatte ved sjølvmord. Turen går over Haukelifjell til Røldal stavkyrkje 26.-27. august.

Ideen bak denne vandringa er å dele sorg og kjensler på pilegrimsvandring. Første turen vart arrangert i 2011 som ei markering av Verdsdagen for førebygging av sjølvmord 10. september. Det har synt seg at pilegrimsvandringa er god sorgterapi. I år er det 6. gongen ein arrangerer vandringa.

- Rytme og bevegelse er god terapi for kjenslelivet og gir hjelp til å sette ord på dei vanskelege tankane. Ikkje alltid er terapirommet den rette staden, seier seniorrådgjevar hos RVTS Sør Øyvind Dåsvatn og prostidiakon i Vest Telemark, Eilev Erikstein. Dei viser og til Søren Kirkegaard som ein gong sa det slik:

  • ”Tap for all del ikke lysten til å gå. Jeg går meg til det daglige velbefinnende hver dag og går fra enhver sykdom; Jeg går meg til mine beste tanker, og jeg kjenner ikke en tanke så tung at man ikke kan gå fra den. Når man slik fortsetter å gå, så går det nok.” 

- Tilbodet er eit godt døme på korleis kyrkjas diakoni, frivillige organisasjonar og helsesektoren kan samarbeide om folkehelsa, meiner Sigrid Flaata som er seniorrådgjevar i diakon og samfunn i Kyrkjerådet.

Arrangøren bak Vandring for forandring er Den norske kyrkja ved prostidiakonen i Vest Telemark Eilev Eirikstein. Med seg på laget har han RVTS Sør – Ressursenter om vold, traumatisk stress og selvmordsforebygging og LEVE – Landsforeningen for etterlatte etter selvmord.


For meir info, sjekk ut: