Eit helsefremjande handlingsrom

- Diakonien kan hjelpe menneske til å finne det handlingsrommet dei har i sin eigen livssituasjon.

Samfunnsmedisinar Kjetil Drangsholt seier dette i samband med at kyrkje, helse og livsmeistring er tema på Kyrkjemøtet. Han er medlem i bispedømmerådet i Agder og Telemark.

- Både kyrkjelydsdiakonien og dei diakonale institusjonane møter menneske som ofte har eit trongt handlingsrom. Diakonien har god tradisjon for å gå i bresjen for grupper som elles ikkje er prioriterte, seier Drangsholt. 

Han meiner helse har mykje å gjere med det å kunne meistre sitt eige liv:

- Meistring og meining er ei viktig søyle i forståinga av kva helse er. Andre søyler er fysisk bevegelse, fridom og eigenart – det siste vil seie å sjå seg sjølv som eit unikt menneske, skapt av Gud og sett inn i relasjonar til andre. Diakonien arbeider med eit perspektiv som tek vare på dette synet. Det diakonale arbeidet finn fram til grupper som har særleg behov for vern, verdigheit og erfaring av meistring. Arbeidet skjer ut frå ei helseforståing som utvidar perspektivet til det sosiale og heile miljøet ein lever i, seier Kjetil Drangsholt.

Særpreg
Ein av foredragshaldarane ved temasesjonen Kyrkje og helse mandag 13. april, var Ingunn Moser, rektor ved Diakonhjemmets høyskole. Ho snakka om utfordringar for diakonifagleg utdanning i vår tid:

- Ein må ha kunnskap og kompetanse for å ta seg av dei som treng hjelp. Frå starten av var diakonien eit danningsprosjekt som forma menneske med ei spesiell haldning til medmenneska. Vekta blei etter kvart flytta frå danning til utdanning. Kunnskap blei viktigast, utdanningsstadene blei høgskolar med akademiske utdanningar. Nå får skolane drahjelp frå det offentlege til å dyrke fram sitt særpreg, sin eigen profil. Ekspertidealet er i endring.

Moser la vekt på endringar som skjer:

- Sjølve utdanningsverksemda har utvikla seg mykje. Studentmassen er i stor grad vaksne som vil vidareutdanne seg eller forske, jobbe fagleg med verdiar, tru og livssynskompetanse. Dei skal ha kompetanse til å ta vare på menneske ut frå den enkeltes tru og livssyn. Dei diakonale skolane gir ein ny type danning og fagleggjering.

Diakonien har det offentlege og kyrkja som oppdragsgivarar. Vi meiner at vi gir ein kompetanse som er viktig både i kyrkje og samfunn. Vi tilbyr òg utdanning på fagområde som har lav status, som omsorg ved livets slutt og rusomsorg. Vi har bygd opp kompetanse på område som andre ikkje har dekt.

Sjå eit videointervju med Ingunn Moser her