Må søkje sanning og forsoning

Preses til gudsteneste i samband med Stortingets opning: - Vi står ved eit vegskilje der vi kan gå inn i prosessar som fører til forsoning. Forsoning er meir enn å lage ein uttale eller eit vedtak.

Preses Olav Fykse Tveit. Foto: Den norske kirke

Kvart år inviterer Oslo domkyrkje til gudsteneste i samband med opninga av Stortinget. Preses Olav Fykse Tveit preikte til dei frammøtte. Han nytta komande sundags tekst fra Efesarbrevet 4,1-8 og Matteusevangeliet 5,20-26.

Forsoning. Sanning. Enhet.

Det er tre store temaer som sundagens evangelietekst drar opp for oss. Desse temaene står også på dagsordenen for de som styrer landet vårt. Og dei står på dagsordenen i ulike faser i livet for oss alle.

Den 1. juni fekk Stortinget – og dermed heile nasjonen - ein rapport på 700 sider av Sannings- og forsoningskommisjonen. Den seier oss mange sanningar. Og den oppfordrar til å ta behovet for forsoning alvorleg.

Den same veka besøkte eg Tysfjord og Hamarøy, som er vigd eitt eige kapittel i rapporten. Etter tre dagar der, forsto eg godt kvifor det er slik. Alle dei store emner i rapporten vert synlege der. Der handlar det både om fortid og notid, og kva framtida kan bringe.  Konskevensane av fornorskingspolitkken Stortinget vedtok, lever vidare.

Eitt av dei sterke inntrykk eg fekk var då ein av informantantane til kommisjonen viste oss skammekroken på skulen i Musken, der han måtte stå på eitt bein kvar gong læraren hadde oppdaga at dei hadde snakka samisk med kvarandre i eit friminutt.

Dette handlar om mykje, båre lover og økonomi. Det handlar veldig mykje om varige sår og skader på den enkelte og store grupper. Ja, heile det norske samfunnet har tapt, som kommisjonsleiaren sa då rapporten vart presentert.   

Det er stor og velbegrunna forventningar til at denne rapporten skal føre til noko nytt med tanke på forsoning i vårt land. Denne forventninga rettar seg mot Stortinget som har bedt om rapporten. Men den rettar seg også til ulike samfunnsaktørar som vert ein del av rapporten. Det gjeld difor også kyrkja.

Forventninga til kyrkja er at vi erkjenner at kyrkja var med på å legitimere denne måten å forholde seg til minoritetsgruppene på, og at på å sette urett i system. Det gjaldt også kyrkjas haldningar til for eksempel samisk kultur og religion, også enge før 1850. Så vart kyrkja også ein del av gjennomføringa av dei vedtaka Stortinget hadde fatta om fornorskningspolitikken.

Men forventninga eg møtte handlar også om noko meir: Kyrkja må forstå kva dette eigenleg handlar om for dei som vart ramma av denne politikken. At dette gjeld djupe sår, og krenkelser av menneskeverd og menneskerettar mot store grupper i vårt land, menneske som har levd her som urfolk eller som nasjonale minoritetar. Og forventningane er at kyrkja må bidra til at heile samfunnet og styresmaktene ser kva det har handla om kva som trengst no.

Det fjerde budet seier at vi skal heidre far og mor. Det har i våre lutherske katekismer vore tolka som at vi skal ære og lyde alle dei Gud har sett over oss, også styresmaktene. For samer, kvener og skogfinnar betydde det å vere lojal mot styresmaktene at dei skulle gjere akkurat det motsette av det budet først og fremst seier: Du skal ære far din og mor di. Det dei hadde lært som barn, språk, kulturelle uttrykk, skikkar, forståinga av livet og verdiar – alt skulle setjast til side. Gløymast. Vanærast. Det var ikkje bra nok det ein hadde sjølv. Tvert imot, ein skulle fornekte det.

Vi står ved eit vegskilje der vi kan gå inn i prosessar som fører til forsoning. Forsoning er meir enn å lage ein uttale eller eit vedtak. Men kyrkja har eit oppdrag i søkje sanning og forsoning. Og å bidra til at det skjer.

Det religiøse skal heller ikkje brukast til å dekke over det som er sant og rett i forholdet mellom oss menneske, seier Jesus. For å kome vidare i forsoning mellom menneske som er skilde av urett, vald, sår og skam trengst det at vi høyrer forteljingane, og høyrer etter, slik at vi forstår betre kva det handlar om. For å bli høyrt og forstått er ein vesentleg forutsetnad for at ein kan gå vidare med forandring. Fortida kan vi ikkje gjere opp att, men framtida kan forme. Den skal vi forme. Og då kan forsoning skje mellom oss, i oss og for oss.

Det er her vi kan høyre etter det vi las frå komande søndags evangelium. Vi skal søkje sanninga og rettferda som Gud vil skal råde mellom oss. Og vi skal bruke muligheten til å forsone oss med kvarandre på dei premissane. Og altaret og nåden kan skape noko nytt mellom oss når det skjer.

I den første tida i kyrkjas historie, då tekstane i Det nye testamentet vart skrivne, var eitt av dei store spørsmåla: Kvifor høyrer vi saman, når vi er så forskjellige? Ulike språk, ulik etniske bakgrunn, ulik religiøse og kulturelle tradisjonar. Viktige tekstar og definisjonar av kva den kristne trua innebar, vart utvikla og utforma i møtet med slike spørsmål. Og svara som vart til, bygde på kva var det Jesus hadde sagt og gjort. Og noko bygde på dei gamle heilage tekstar som Jesus sjølv var opplært i og viste til, om Gud som skapar av alle og alt, om Gud som kallar menneske til rettferd og fred.

For kva er svara på at vi høyrer saman når vi er så ulike? Dei peikar på at det Gud gir oss menneske, som gjer at vi høyrer saman, at vi er eitt. Difor heiter det at det er èin og same Ande som gir menneske liv og mot og styrke i livet. Og at det er èin dåp som gir menneske del i Guds nåde og ein relasjon til Kristus – og det blir eit nytt fellesskap, på tvers av alt som er ulikt. Kyrkjas fellesskap skulle vere eit teikn på den eine menneskeheit som Gud hadde skapt, og som Gud elskar.

Difor er det understreka at det er èin Gud og Far til alle.

Dette er svar som er aktuelle for oss, og utfordrar oss også i dag. Uttrykk i brev frå apostelen Paulus som at «her er ikkje jøde eller grekar, mann eller kvinne, trell eller fri, alle er vi eitt i Kristus Jesus» (Gal 3,28) har blitt veldig viktige for å fremme likestilling mellom mann og kvinne når det gjeld status og kven som kan ha oppgåver i kyrkja. Men dei er også viktige ord for å sjå dei universelle menneskerettane som eit ekte uttrykk for kristen tru og etikk.

Vi vert stadig utfordra i korleis vi lever etter dette i praksis, og korleis vi som enkeltmenneske, som kyrkje, og som nasjon lever opp til slike ideal. Noko av det møter oss på ein spesiell måte i rapporten frå sannings- og forsoningskommisjonen.

I Jesu ord er det også ei spesiell utfordring til å la sanninga styre oss, og heller ikkje bruke religiøse skikkar, ritualer eller ord – eller andre ord - for å dekkje over det som er sant. Dersom vi har noko vi skal gjere opp i forhold til kvarandre, noko vi skal ta ansvar for, så skal vi gjere det. For då kan vi også kome vidare i å vere eitt som fellesskap – også når vi er ulike og har ulike posisjonar.

Kyrkja er ikkje fellesskapet av dei like, heller ikkje dei som er fullkomne. Kyrkja er satt til å formidle Guds nåde som eit uttrykk for Guds kjærleik til alle menneske. Denne nåde tar ikkje bort forskjellar, men lar oss ta ansvar for våre liv og våre relasjonar til kvarandre og til skaparverket Gud har satt oss til å forvalte. Nåden tar ikkje bort ansvar, men gir oss kvar dag ei ny muligheit. Slik at vi kan gå vidare i vårt kall til å tene andre og fellesskapet, og slik elske vår neste som oss sjølve.

For vi treng alle «kjelder til liv som er utanfor oss sjølve», som det heiter i salmen vi skal synge etter på. Alt som lever treng det for å leve, luft, vatn, næringsstoffer. Men vi treng meir enn det: Vi treng også at «Guds nådes skaperverk skal skje», som det heiter vidare. Det kan hjelpe oss å fylle våre oppgåver med mot og vilje til å arbeide for fred og rettferd for alle.

Mange her har fått spesielt mykje ansvar for desse store oppgåvene. I kyrkja ber vi kvar sundag om styrke og visdom til alle de som har fått leiaransvar i landet vårt.

Så deler vi alle ansvaret for å motvirke urett og stigmatisering og diskriminering. Vi høyrer at rasisime mot samar – og ikkje minst blant unge – har auka etter at rapporten vart lagt fram 1. juni. Slik kan det ikkje vere.

Vi trenge all å få både nåde og mot til å gjere det vi kan for å kunne vere eitt – sant og rett, som èin nasjon og èi menneskeslekt - sammen.

Det kan skje, på nytt og på nytt.

Ære vere Faderen, Sonen og Den Heilage Ande,

vår Skapar, Frelsar og Livgjevar,

som var, er og vere skal

èin sann Gud frå æve og til æve. Amen 

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"