– Menneske er ikkje til sals

Talet på menneske som lever i slaveri-liknande situasjonar har auka med ti millionar dei siste fem åra. – Det skjer òg grov utnytting i Noreg, seier preses.

– Menneske er ikkje til sals, seier preses Olav Fykse Tveit (foto: Norges Kristne Råd).

Stadig fleire menneske er i slaveri-liknande situasjonar. Talet har auka med ti millionar dei siste fem åra.

Moderne slaveri er ei samlenemning for situasjonar der menneske vert utsett for grov utnytting og tvang og vert kontrollert gjennom maktmisbruk, manipulasjon, truslar, vald, krenking. Det er menneske som ikkje er frie til å forlate situasjonen.

– Menneske er ikkje til sals, seier preses Olav Fykse Tveit. 

I kjølvatnet av krig og konflikt er det auka fare for at menneske vert utnytta, særleg for kvinner og born på flukt.  

Ein av fire som vert utnytta er barn. Tre av fire er kvinner og jenter.

Set lys på slaveriet

Denne veka går kyrkjer over heile landet saman i for å setje lys på moderne slaveri. Veka har fått namnet Global veke.

Preses Fykse Tveit meiner kunnskap om moderne slaveri er viktig. 

– Noko av det viktigaste vi gjer er å spreie kunnskap om moderne slaveri og korleis ein kan identifisere det. Det skjer òg grov utnytting i Noreg. 

Nokre av kjenneteikna på moderne slaveri er at eit menneske jobbar ekstremt mykje for lite eller inga løn, vegrar seg for å varsle eller søke hjelp, står i gjeld til arbeidsgjevar eller annan bakperson. Manglande utstyr eller kummerlege butilhøve. 

Dersom ein er uroa for at nokon vert utsett for moderne slaveri, eller sjølv er i ein slik situasjon, kan du kontakte ROSA sin døgnopne, nasjonale hjelpetelefon på telefon 22 33 11 60. I ein akutt-situasjon må du ringje politiet.

Bøn og arbeid

– Vi må be og arbeide for at alle som er ramma av moderne slaveri får fridom og verdige livsvilkår, avsluttar Fykse Tveit.

Lær meir om Global veke som Norges Kristne Råd arrangerer 12.–19. november på globaluke.no eller sjå denne filmen på eitt minutt: 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"