«La ikke hjertet bli grepet av angst»

Søndag var det sørgegudsteneste i Oslo domkyrkje, etter hendinga i Oslo sentrum der to personar er drepne og fleire er skadd. Bibelversa om Guds fred og kjærleik formidla håp til dei frammøtte og alle som fulgte gudstenesta digitalt.

Oslo domkyrkje inviterer til gudsteneste kvar søndag gjennom året. Denne søndagen starta gudstenesta med tonane frå Edvard Grieg sin Sørgemarsj – i det som vart ei sørgegudsteneste. Det skjer etter skyteepisoden i Oslo sentrum der to personar er drepne og fleire er skadd, natt til laurdag.  

I gudstenesta deltok mellom anna Kronprinsesse Mette-Marit, stortingspresidenten, statsministeren og fleire statsrådar. 

Bibelord om fred 

Kyrkjerådsleiar Kristin Gunleiksrud Raaum las tekst frå Johannesevangeliet i bibelen. Teksten handlar om at Jesus seier at vi ikkje treng å vere redde eller urolege. Tekstlesinga vart avslutta med vers 27 i kapittel 14:  

«Fred etterlèt eg dykk, min fred gjev eg dykk. Eg gjev dykk ikkje fred på same måten som verda gjer det. Lat ikkje hjartet dykkar uroast, og ver ikkje motlause»   

– Kjærleiken må vise seg i trass 

Preses Olav Fykse Tveit leia gudstenesta. I preika tok han utgangspunkt i Kjærleikens høgsong i 1. korinterbrev i Bibelen. Han framheva setninga "kjærleiken aldri tek slutt” og poengterte at sjølv ikkje kuler kan ta livet av kjærleiken.  

– Det som har skjedd natt til laurdag må få oss alle til å sjå kor farleg det kan bli om hatet vert det største. Det kan verte livsfarleg for skeive som vert spesielt utsatt for det.  

– Difor må kjærleiken vise seg i trass og i motstand. Og vår tru og vårt håp om at det vonde kan snu må alltid vere drive fram nettopp av kjærleiken. 

Les heile preika til preses Olav Fykse Tveit her.

Tankar og bøner til dei som er ramma 

Det var fleire helsingar i gudstenesta. Mellom helsingane song Sondre Justad «Slo så hardt». Stortingspresident Masud Gharahkhani sa at vi sørgar saman som nasjon no. 

Statsminister Jonas Gahr Støre takka domkyrkja for å opne dørene for alle som er direkte eller indirekte ramma. Han sa at både tankar og bøner går til dei som er ramma hardast.

– Vi sender kvar og ein vår djupaste medkjensle, sa Støre.  

Inge Alexander Gjestvang som er leiar i Foreningen FRI heldt også ei helsing i domkyrkja. 

– Vi var klare, og vi var stolte. No er vi samla her i sjokk og sorg.  

Gjestvang sa at dette er ei viktig påminningom at fridom aldri kjem av seg sjølv – og at vi aldri kan ta den for gitt.  

Tente lys for dei som er ramma 

I gudstenesta var det bøn for alle som er ramma, alle pårørande, skadde og alle skeive som lev i frykt.  

Mot slutten av gudstenesta var det mogeleg å gå fram i kyrkjeromet og tenne lys. Mange av dei frammøtte nytta høvet til å tenne lys.  

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på "Oppdater samtykke". Evt. klikk på "Godta alle cookies" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"