Gudsteneste på NRK

Denne hausten startar NRK opp med direktesendte gudstenester på TV. Den lange tradisjonen med radiogudsteneste held fram. I morgon kan du bli med til Trondheim.

Gudsteneste på NRK

Kvar søndag framover vil du kunne skru på TV-en og følgje direktesendt gudsteneste på NRK. Det er seks kyrkjelydar som vil byte på å vere vertskap. 

Du kan følgje gudstenesta på NRK TV, anten i appen eller NRK 1. Vil du høyre gudstenesta på radio må du skru på NRK P1+. 

Seks ulike kyrkjelydar

Førre søndag var det Filadelfiakirken Drammen som inviterte til gudsteneste, og denne søndagen er det Byåsen kyrkjelyd i Trondheim. Vidare er det Lura kirke i Sandnes, Finnsnes kirke i Senja, Foldnes kyrkje i Øygarden og Jessheim Kirke i Ullensaker.

I midten av oktober går NRK saman med den finske rikskringkastaren YLE, og viser fellesnordisk gudsteneste frå Åland i Finland. 

Vingardssøndagen

I gudstenesta er Eirik Rogdaberg er organist. Han har med seg Eirik Mauno Olsen som solist og Skogen Sällström på hardingfele.

Denne søndagen er kalla vingardssøndagen i kyrkjeåret. Det er sokneprest Steinar Leirvik som leier gudstenesta og som vil halde preika. Preiketeksta står i Johannesevangeliet, kapittel 19 vers 27-30. 

Då tok Peter til orde og sa: «Kva med oss? Vi har gått ifrå alt og følgt deg. Kva skal vi få?» Jesus sa til dei: «Sanneleg, eg seier dykk: Når alt skal fødast på nytt og Menneskesonen sit på kongsstolen sin i herlegdom, då skal de òg, som har følgt meg, sitja på tolv troner og dømma dei tolv Israel-stammane. Og alle som har forlate hus eller brør eller systrer eller far eller mor eller born eller åkrar for mitt namn skuld, skal få det att hundre gonger og arva evig liv. Men mange som er dei første, skal bli dei siste, og dei siste skal bli dei første. (Henta frå bibel.no)

Velkomen til gudsteneste på TV og radio! 

 

 

 

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"