Tale ved Kim Frieles bisettelse 6. desember

Oslo-biskop Kari Veiteberg talte i Kim Frieles bisettelse 6. desember.

Kjære sørgande,
 
vi har høyrt og vi har sunge sterke og kloke tekstar om kjærlighet, om at kjærlighet bokstaveleg talt er livsviktig og «lysets kilde» og «livets rot». Men skal vi få grep om kva det store ordet kjærlighet, eller kjærleik på mitt språk, verkeleg betyr i liva våre og i verda, trur eg vi må senke blikket litt, koble det til erfaringar av å vere menneske og medmenneske.
 
Eg har tenkt mykje på det kontante og vennlege svaret Kim Friele gav i eitt av dei første TV-programma ho var på i 1973. Ho sa: "Homofili er kjærlighet. Så hvis du har opplevet i ditt eget liv hva kjærlighet er, så vet du at det er ikke farlig, og det er ikke mystisk".
 
Ei bibelsk forteljing som har blitt viktig for mange av oss dei siste åra, og som har blitt mykje brukt når to kvinner giftar seg i kyrkja, handlar om kjærleik mellom kvinner. Det er frå boka om Rut. Svigermora Noomi vil vende tilbake frå Moab til Betlehem og ber om at svigerdøtrene blir igjen. Men Rut klyngar seg til Noomi og nektar å forlate henne:
 
Ikke tving meg til å forlate deg og vende tilbake, for:
Dit du går, vil jeg gå,
og hvor du bor, vil jeg bo.
Ditt folk er mitt folk,
og din Gud er min Gud.
Der du dør, vil jeg dø,
og der vil jeg begraves. (Rut 1,8)
 
Denne forteljinga er ei av mange som viser at kjærleik handlar om mot, om å risikere og om å bryte opp og begi seg inn i det ukjente saman og love å halde saman. Kjærleik og solidaritet mellom kvinner:
 
«Homofili er kjærlighet» - Mange erfarte det som modig tale i 1973. Det var nødvendig at det ble sagt og gjentatt. Og Kim knytta med dette svaret an til ei menneskeleg erfaring alle kan gjere seg, «så hvis du har opplevet i ditt eget liv hva kjærlighet er, så vet du at det er ikke farlig».
 
For kjærleik, sjølvsagt også kjærleik mellom menneske av same kjønn, er ein del av det å vere menneske: det er jo også det kjærleikens høgsong som Bjarte Hjelmeland las for oss, handlar om: Utan kjærleik ..same kva vi gjer .. er vi ingenting.
 
Dette er ein innsikt det stadig er verdt og nødvendig å kjempe for. Kjærleik viser seg også i solidaritet og å gjere noko som kostar, kjærleik handlar om mot og uthaldenheit. Eg er ikkje sikker på om Paulus har heilt rett i at kjærleiken bestandig er tålmodig.
 
For av og til er det nødvendig at nokon er utålmodige og ikkje tåler så inderleg vel den urett som ikkje rammer oss selv.
 
Den kjærleikskampen som Kim Friele mange andre, både kvinner og menn i dei skeive rørslene, utretteleg har ført i Norge, har heldigvis fått konsekvensar. Det var ein hard strid retta mot lovverket, mot politikarar, mot utbreidde fordommar, men også og det må eg seie tydeleg i dag, retta mot kyrkja og religiøse leiarar.
 
Det har vore ein kamp for kjærligheita og ein kamp for mangfald og ein kamp for menneskeverd. Eg er glad for at den skeive rørsla også har tatt utfordringa frå sine veteranar om at Pride-markeringar også må dreie seg om internasjonal solidaritet.
 
Mange har vore sinte på kyrkja. Og nokre har tort å vore sinte i kyrkja og andre gudshus. For religiøse betrevitarar kunne får seg til å seie at ein måtte velge mellom kjærleiken og det å høyre til i kyrkja.
Fleire vende kyrkja ryggen, for det å bli verande i kyrkja gjekk på helsa laus.
 
I dag, i 2021, er mange av mine dyktige medarbeidarar, både prestar og andre, skeive. Det er blitt mogleg for skeive å bli opne og å vere der, -i kyrkja. Det har Kim Friele vore med å opne opp for. Takk til de alle for at de har vore med på å opne kyrkja!
 
Som gjer at den som er skeiv kan være stolt av det hen er og vite og erfare at hen også er skapt i Guds bilde. «For Gud så på alt det han hadde gjort, og se, det var svært godt»!
 
Eg for min del blir glad og inspirert av å høyre om den eldre Kim Friele som i fleire år blei invitert til å snakke med konfirmantane på heimstaden Geilo og lærte dei at «å vere menneske er å vere annerledes»!
 
Å være menneske er å vere annleis. Dette må vi ta med vidare og kjempe for i alle rom, her og der! No i denne adventstida, når vi ser fram mot å feire at Gud blei menneske i ein stall, er det lett å tenke seg at «Gud» er eit ord på noko vi ikkje kjenner, men at «menneske», det veit vi jo godt kva er. Men kanskje heng spørsmåla om menneske og Gud saman?
 
Eg trur vi må bruke dei erfaringane vi har gjort både for å finne ut meir av kva det er å vere menneske er og kven Gud er. Gud blir menneske i Jesus, fødd fattig, æra av gjetarar, møtt av englar som seier «Frykt ikkje». Vi feirar Jesus, som åt og held seg med folk som var annleis, løvetannsbarn og utstøtte.
 
For kyrkja og for meg gir det også håp å tru at Jesus både viser oss kven Gud og kva menneske er. Og kva kjærleik er. Trua på Jesus formidlar nemleg eit håp om at kjærleiken er sterkare enn døden. Amen.
Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på "Oppdater samtykke". Evt. klikk på "Godta alle cookies" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"