Kyrkjerådet oppfordrar alle kyrkjelydane i landet til å ringe i kyrkjeklokkene i fem minutt frå klokka 12 den 22. juli 2021. Kyrkjelydane er også oppfordra til å halde kyrkjene opne denne dagen.
– I høvet at det er 10 år sidan terrorhendingane på Utøya og i regjeringskvartalet i Oslo sentrum, ønskjer vi på denne måten å markere dagen, seier Kyrkjerådsleiar Kristin Gunleiksrud Raaum.
– Kyrkja vil stå saman med folk over hele landet, og viser det mellom anna ved å la kyrkjeklokkene ringe for alle som vil vise folk i alle lokalsamfunn at kyrkja i denne tida går i forbønn for dei som er berørt av 22. juli, seier Raaum.
Kyrkjerådet oppfordrar også alle kyrkjelydar til å halde kyrkjene opne 22. juli.
Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.