Kyrkjeklokkene ringer inn påska

På påskeaftan ringer kyrkjeklokkene i ein time mellom kl. 17 og 18. Høgtidsringing har vore tradisjon i Noreg i fleire hundre år, og markerer starten på høgtida.

Kyrkjeklokkene ringer inn påska i ein time frå kl. 17.00. Foto: Martin Bakke Slåttsveen / Den norske kyrkja.

– I dag ringjer kyrkjeklokkene inn påskehøgtida – vi feirar at Jesus stod opp frå døden.

Det seier Olav Fykse Tveit, som er den leiande biskopen i Den norske kyrkja.

– Ved jul, påske og pinse ringer kyrkja inn høgtida med høgtidsringing i ein time. Det er ein fleire hundre år gamal tradisjon å markere inngangen til høgtida på denne måten.

Den timeslange ringinga skjer kvar påskeaftan, pinseaftan og julaftan i timen før klokka 18. Det er ein tradisjon som har røter tilbake til mellomalderen: Kyrkjeklokkene varsla at no starta høgtida, og dermed at det ikkje var lov å gjere arbeid.

Samlast for å feire at Jesus stod opp att

Preses Olav Fykse Tveit skal sjølv halde preika på gudsteneste i Nidarosdomen på 1. påskedag.

– I ei tid der mange kan oppleve uro i kvardagen, samlast vi i kyrkjene for å feire at Jesus stod opp att, og at kjærleiken er sterkare enn døden.

Ringing med handkraft og automatikk

Tal frå 2018 viser at ringinga skjer manuelt i rundt 40 % av kyrkjene. Då er det ein kyrkjetenar, klokkar eller frivillig som utfører ringinga.

I dei andre kyrkjene er det montert automatisk ringjeanlegg.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"