Luthersk likestilling

- Sjølv om Luther ikkje var nokon feminist, og kjønnsinkluderande språk slett ikkje gjennomsyra reformasjonen, har reformasjonen likevel aksjer i likestillingskampen.

Slik formulerar ein seg i det ressursmaterialet Kyrkjerådet har utarbeidd til 8.-mars gudstenestene i år. Mange stader blir kvinnedagen 8. mars markera i kyrkjene. I 2017, - når markeringa av reformasjonen er eit gjennomgåande tema i kyrkja, - er det lagt opp til 8. mars-gudstenester med reformasjonen som eit historisk og tematisk bakteppe. I Oslo domkyrkje hentar ein 8. mars fram inspirasjon frå Martin Luther sin maktkritikk.

Arbeidet for likestilling har vore på dagsorden i kyrkja i omkring 100 år. Ikkje før i 1938 blei dei geistlege embetene opna for kvinner, og framleis er det i prestestanden den kyrkjelege likestillinga har lengst veg å gå.

Kvinner utgjorde 32 prosent av presteskapen i Den norske kyrkja i 2016, ein prosentdel høgare enn i 2015. Det er store skilnader mellom bispedøma. Kvinnedelen er høgast i Oslo (47 prosent) mens den er lågast i Stavanger (19 prosent) og Bjørgvin (20 prosent). Kvinnedelen i leiande prestestillingar (biskopar, domprostar og prostar) gjekk opp frå 27,9 % i 2015 til 29,2 % i 2016.

Etter Kyrkjemøtet i 2016 har kvinner dei fire viktigaste posisjonane i Den norske kyrkja: Preses i bispekollegiet, leiar av Kyrkjerådet, leiar av Samisk kyrkjeråd og leiar av Mellomkyrkjeleg råd.

Resultatet av kyrkjevalet i 2015 ga 59 % kvinner mellom soknerådsmedlemene i landet. Mellom dei valde lekfolksmedlemene av bispedømmeråda er det 53 % kvinner.

Kva tyder reformasjonen for kvinner i kyrkja i dag? På nettstaden www.reformasjon2017.no har 50 kvinnelige teologar og prester frå midten av januar fram til 8. mars, gjeve sine svar på det spørsmålet.

Preses i Bispemøtet, Helga Haugland Byfuglien, har lese tekstane som til saman er delte meir enn 7000 gonger på Facebook. Ho oppsummerar sine inntrykk slik:
- Gjennom sterke tekstar med personlege refleksjonar blir det tydeleg korleis ulike kvinner har erfart at trua på den frigjerande nåden óg har betydd mykje for deira utvikling og har prega deira teneste. Det har gjeve inspirasjon til å gjere ei diakonal teneste, motivert til å stå opp for likestilling og gjeve mot til å ta leieransvar i ei tradisjonelt mannsdominera kyrkje. Det har vore viktig for heile samfunnet, sier Haugland Byfuglien.

Klikk for å sjå nettsida 500 teikn frå 50 kvinner


8.-mars-gudstenesta i Oslo domkyrkje
8. mars-gudstenesta i Oslo domkyrkje hentar i år fram inspirasjon frå Martin Luther sin maktkritikk. Gudstenesta er eit samarbeid mellom Oslo domkyrkje, Norsk kvinneleg teologforening og Kyrkjerådet. Gudstenesta startar onsdag 8. mars kl. 17.00. Medverkande er:
Preike: Aud V. Tønnesen, dekan ved Det teologiske fakultet, Universitetet i Oslo.
Liturgar: Gry Friis Eriksen og Valborg Orset Stene.
Kunstnerisk: Damestemmer fra Oslo domkor deltar med Faurés Messe bassa under ledelse av dirigent Vivianne Sydnes. Pål Moddi Knutsen.
Helsing ved Likestillings- og diskrimineringsombod, Hanne Inger Bjurstrøm.
Appell ved Leiar av Norges kvinnelobby, Gunnhild Vehusheia.