Minneord om Ole Nordhaug

Biskop emeritus Ole Nordhaug var ein arbeidssom, praktisk, nytenkjande og initiativrik kyrkjeleiar. Han var første biskop i Møre bispedøme.

Biskop emeritus Ole Nordhaug døydde fredfullt 19.september. For Den norske kyrkja er det tid for å takke for alt han gav av seg sjølv og sine gåver og evner for å dele evangeliet og byggje kyrkje gjennom eit langt og rikt liv som prest og biskop. Fleire generasjonar har nytt godt av hans initiativ og innsats. Det gjeld i lokale kyrkjelydar i Borg og Oslo, det gjeld for heile det nystarta Møre bispedømme som han vart sett til å byggje opp og leie. Men det gjeld også i ulike oppdrag til felles for heile kyrkja. Han hadde fleire år i Presteforeningens arbeid, og han tok effektive initiativ for å byggje opp og styrkje retreat-arbeidet i kyrkja.

Ole Nordhaug var ein arbeidssom, praktisk, nytenkjande og initiativrik kyrkjeleiar. Han var ein åndeleg leiar i ordets beste forstand: Han var opptatt av at kyrkja – i alle ledd og nivå - fokuserte og prioriterte det som samla oss: Oppdraget med å dele evangeliet og byggje eit tenande og ope fellesskap om Ord og sakrament. Han var særleg engasjert av å få kontakt med og inkludere unge menneske. Dessutan var han opptatt av å gi positiv fokus på det åndelege livet for prestane,  slik at dei fekk styrke og glede til det oppdraget vi hadde med «å holde ryktet om Jesus levende», som han kunne formulere det i ein ordinasjonstale. Han prioriterte retreat og eit regelmessig bønneliv. Det prega han i hans eige arbeid og framferd, og kunne merkast gjennom hans vâre og kloke omsorg for medarbeidarar og kyrkjelydar. 

Svært mange kan med oppriktig glede sjå tilbake på møter og samarbeid med Ole Nordhaug. På sitt særmerkte vis kunne han bruke humor, sin treffande replikk og sitt glade sinn som ein ressurs for fellesskapet.

Det gror i spora etter han, ikkje minst i Møre bispedømme, som han makta å samle og utvikle til å arbeide på nye og nyttige måtar. Det er mange teikn på det han sådde og nærte gjennom sitt arbeid. Vi har gjennom våre eigne møter med han fått kjenne hans støtte og oppmuntring til å ta på oss oppgåver med glede. Han har gitt både frimod og kloke råd til så mange.

Vi er med familien i våre tankar og bøner når det er tid for eit vemodig farvel og ein inderleg takk til Gud for biskop Ole Nordhaugs liv og teneste.

Biskop i Møre Ingeborg Midttømme og preses Olav Fykse Tveit

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på "Oppdater samtykke". Evt. klikk på "Godta alle cookies" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"