Ny serie: «Hendelsen som forandret Norge»

Farmen-presten, Thor Haavik, er programleiar for ein ny underhaldande og opplysande mini-serie om «Hendelsen som forandret Norge». I tre episodar følgjer vi han frå vikingtida til vår tid for å sjå på konsekvensane av at landet fekk ei ny rettsordning – «kristenretten» på Moster for 1000 år sidan i år.

"Hendelsen som forandret Norge" er ein serie i tre lettfattelege episodar om konsekvensane av innføringa av kristenfretten for 1000 år sidan i år. Foto: TV Inter

I serien møter Thor Haavik fagfolk som belyser korleis Noreg gjekk frå eit ættesamfunn til eit statssamfunn. Dette var med på å leggja grunnlaget for at vi vart kvitt ordningar som slaveri og utbering av born. Det vart teke meir omsyn til dei svakaste, og ein fekk nye ideal der rett skulle vera viktigare enn makt.

Møter sosiologar, arkeologar, advokatar og professorar

Blant gjestene er sosiolog og programleiar Harald Eia, forfattar Ole Petter Erlandsen, arkeolog Ellen Grav, menneskerettsadvokat Geir Lippestad, tidlegare ordførar i Oslo Fabian Stang, myteknusar Bjørn Are Davidsen og professor i rettshistorie, Jørn Øyrehagen Sunde.

Opptak til serien er bl.a. gjort på Moster i Bømlo kommune, på Krosshaug ved Haugesund, på Norsjø i Telemark saman med vikinggruppa «Olavs menn», i Oslo tinghus, Deichmannske bibliotek, på Huseby gård, ved Nidarosdomen og i Jessheim kirke.

Tre episodar 

Det er tre episodar i serien: 

  1. Kvifor er Noreg eit av verdas beste land?
  2. Frå slaveri til menneskeverd
  3. Frå maktsamfunn til rettssamfunn

Du kan sjå alle episodane på YouTube. Første episode er allereie publisert, dei to andre kjem 2. og 6. februar. 

Serien er produsert av TV Inter for Bjørgvin bispedøme. Den er eitt av Den norske kyrkja sine viktigaste bidrag til markeringa av at det er 1000 år sidan kristenretten vart innført på Moster.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"