Kyrkjerådet får skryt av Språkrådet

Språkrådet meiner at Kyrkjerådet er "eit godt språkleg førebilete for andre statsorgan".

Kvart år skal norske statsorgan levere ein målbruksrapport til Språkrådet kalla "Rapport om målbruk i offentleg teneste". Den skal innehalde nynorskbruken som kjem inn under mållova, der kravet er minst 25 prosent nynorsk. I rapporten skal ein mellom anna levere inn nynorskbruk på nettsider, korte og lengre dokument, periodiske publikasjoner og sosiale media.

For 2014 kjem Kyrkjerådet særs godt ut og oppfyller krava i mållova på alle punkt. Samstundes vert nynorskbruken på kyrkja.no, kirkeaktuelt.no, Facebook og Twitter trekt fram av Språkrådet.

Språkrådet meiner at Kyrkjerådet har "gjort framifrå arbeid med målbruken i 2014. Nynorsk er godt synleg på nettsidene dykkar. (...) De er eit godt språkleg førebilete for andre statsorgan", skriv Språkrådet i eit brev til Kyrkjerådet.