Ny Bjørgvin-biskop: – Korleis folk lever og bur, har noko å seie for korleis vi trur

Kyrkjerådet har tilsett Ragnhild Jepsen som ny biskop i Bjørgvin bispedøme. Fredag vart ho presentert i Bergen domkyrkje. Her fortalte ho mellom anna at ho ser fram til å bli kjent med bispedømet og trua her, om det å sjå ut over landeegrensene og om å være den første kvinna i rolla.

Ragnhild Jepsen er ny biskop i Bjørgvin bispedøme. Foto: Bjørgvin bispedøme

Det er med skjelvande glede eg står her i dag. Eg er glad og takknemleg for å være her i dette flotte kyrkjerommet som nyutnemnt biskop i Bjørgvin.

Slik starta den nytilsette biskopen i Bjørgvin, Ragnhild Jepsen, sin tale då ho vart presentert i Bergen domkyrkje fredag 10. februar. Ho kjem frå stillinga som domprost i Nidaros, og skal om eit par månader gå inn i tenesta som biskop.

Jepsen ser fram til å bli kjent med bispedømet: – Eg skal nå få bli kjent med folk, tru og tradisjonar i eit bispedøme som femner om så mykje og så mange. Korleis folk lever og bur, har noko å seie for korleis vi trur.

Ho påpeikar mangfaldet i bispedømet og ser fram til å bli kjent med alt det rommar:

– Eg vil invitere til å finne eit språk der vi kan være frimodige om tru og trusuttrykk, så vi kan glede oss over å dele forteljingar med kvarandre til inspirasjon og fornying.

 

Løfta blikket ut over landegrensene

Jepsen trekkjer også fram verdshendingane den siste tida, med jordskjelv i Tyrkia og Syria og krigen i Ukraina.

– Vi lid med dei som no kjempar mot kulda og øydeleggingar. Vi ber for og gret med dei som sørgjer. For vi er sett for å bere håp til verda. Vi skal la Kristi hjarteslag banke hardt og godt for alle som treng kjærleik og omsut.

Ho påpeikar deretter at Bjørgvin bispedøme har ein særleg tradisjon for å vende blikket over hav og over grenser.

– Som biskop i Bjørgvin har eg tilsyn med Sjømannskyrkja og alle som har si teneste der – det ser eg også fram til å gå inn i. Møtet med kyrkja langt heimanfrå betyr ein stor skilnad.

 

Ein tydeleg leiar med stor varme

Kyrkjerådsleiar Kristin Gunleiksrud Raaum var den fyrste til å gratulere den nye biskopen.

– Med Ragnhild Jepsen får Bjørgvin og Den norske kyrkja ein av Norges fremste liturgar som biskop. Ein biskop som syng så vi høyrer glimt av Gud, ein brubyggjar og ein tydeleg biskop med lang og solid leiarerfaring og stor varme.

Ho nemner også den nye biskopen sine evner som brubyggar og hennar erfaring frå kultur, politikk og samfunnsliv.

Vidare følgde gratulasjonar frå bispedømerådsleiar Vemund Øiestad. Båe bispedømerådsleiaren og kyrkjerådsleiaren påpeikar i sine gratulasjonstalar at dei er særs fornøgd med å ha fått ein framifrå nynorsk-brukar som biskop.

Bispedømerådsleiaren ser fram til å samarbeidde med Jepsen: – Eg ynskjer Guds signing over arbeidet ditt.

 

Store forventingar

– Du er vel vitande om at det er gode og ganske store forventningar til deg, sa preses Olav Fykse Tveit i sin helsing til sin nye biskop-kollega.

– Bjørgvin er vårt største bispedømme i antal sokn og medarbeidarar, og med Sjømannskyrkja som tilliggjande herlighet. Forventningane er der fordi det er tillit til deg om at du har noko å fare med. Mange vil oppdage kva det er. Nokon av oss veit ein god del om kva det er allereie.

Preses Fykse Tveit held fram: – Bjørgvin får no ein biskop som er glad i kyrkja, svært glad i kyrkja. Meir enn dei aller fleste, vil eg nok seie. 

– Du har skaffa deg mykje erfaring med å leie arbeidet ved ei heilt spesiell domkyrkje, Nidarosdomen. Det har du gjort på måtar som har vore til mykje velsigning. Det vil det verte her også.

Den leiande biskopen avsluttar si helsing: – Til lukke med utnemninga, lukke til med di ferd hit! Den 16. april møtest vi att her i Bergen domkyrkje for vigsling og forbøn for den nye tenesta du går inn i.

Jepsen vert vigsla til biskop i Bjørgvin søndag 16. april kl. 11.00 i Bergen domkyrkje, der H. M. Kongen deltek.

 

Historisk med kvinneleg biskop i Bjørgvin

– Dette er ein historisk dag: Bjørgvin får sin første kvinne som biskop. Rekkja av menn før den nytilsette biskopen er lang, påpeikar kyrkjerådsleiar Kristin Gunleiksrud Raaum.

Bispedømet har hatt 35 biskopar før Jepsen. Ho er den første kvinna.

Til NRK kommentarar Jepsen sjølv: – Det var heilt naturleg at den tida var kome no, og det trur eg skal gå riktig bra. Det var ei kvinne som var ønska som biskop her no, seier Jepsen sjølv i et intervju med NRK og refererer til dei tre kandidatane til biskop i Bjørgvin, som alle var kvinner.

Etter den rådgjevande røystinga i haust stod kandidatane sokneprest Kjersti Gautestad Norheim, domprost Ragnhild Jepsen og sokneprest Sunniva Gylver igjen for Kyrkjerådet å velje mellom før gårsdagens val.

Vi hadde tre gode, solide, kompetente, og forskjellige, kandidatar å velje mellom. Det er et vanskeleg val – og heldigvis for det, kommenterer kyrkjerådets leiar Kristin Gunleiksrud Raaum som er takksam for alle som stilte seg til disposisjon for oppgåva.

8 av Kyrkjerådet sine medlemmar gjekk inn for Ragnhild Jepsen som ny biskop, og er dermed er tilsett som biskop i Bjørgvin. 6 av rådets medlemmar ønskte Sunniva Gylver som ny biskop, mens to medlem av rådet ønskte Kjersti Gautestad Norheim.

Sjå opptak av pressekonferansen der Jepsen ble presentert som by biskop her.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"