Kyrkja treng dei gode bileta

På opningsgudstenesta på årets Kyrkjemøte heldt preses Olav Fykse Tveit preike for medlemar og gjester. I Bakke kyrkje preika han over Johannes openberring 7, vers 9-17.

Olav Fykse Tveit er på plass i Trondheim på Kyrkjemøtet 2024. Foto: Den norske kirke

Kyrkjemøtet 2024 ble opna torsdag 11. april. Den første programposten var opningsgudstjeneste i Bakke kyrkje.

Preika vert heldt av preses Olav Fykse Tveit, og kan lesast under. 

Gudstenesta vart ikkje strøyma, men du kan følgje alle plenumssesjonene fra Kyrkjemøtet på nett direkte og i opptak.

Finn sakspapirer, program, strøyming og opptak fra Kyrkjemøtet 2024 her.

Les heile preika her

Teksten under er manuset for fremføringen, og kan avvike noe fra faktisk avholdt tale. 

Kva slags bilete treng vi, vi som skal vere Kyrkjemøte for Den norske kyrkja dei neste fire åra? Kva slags bilete skal vi få fram med våre ord og handlingar i vårt land og vår verd dei neste fire åra?

Vi treng nokre bilete som gjer oss realistiske, så vi tar tak i dei oppgåvene vi har. Til det treng vi sanne bilete av verda omkring oss, som ikkje er manipulerte eller konstruerte. Vi treng sanne bilete av kyrkja vår. Om nødvendig med tal og statistikk, så vi ikkje lurar oss sjølve.

Men vi treng også bilete som får fram truas plass i vårt liv og i samfunnet vårt.

Vi treng bilete som gir oss håp, som tenner håp i oss om kva kyrkja kan få gjort i forsoningas teneste.

Vi treng bilete som tenner kjærleiken til kvarandre, til vår neste og til denne såra jorda vår.  

Vi treng bilete som nærer vår tru, som styrkjer vårt håp og som gir kjærleiken kraft.  

Det treng vi.

Det trengte også dei kyrkjelydane som Johannes openberring vart skriven til. Dette er det mest underlege skriftet av alle i vår Bibel. Med dei mest underlege bilete. Det er skrive som apokalyptisk skrift, ein stil og ein sjanger som var brukt i århundra før og etter Jesu fødsel. Dette er skrive ved århundreskiftet, kanskje år 95, til kristne kyrkjelydar i «Vesleasia», det som er dagens Tyrkia. Dei levde i ei tid med eit politisk regime i det romerske imperiet der keisaren ikkje berre skulle ha makt og kontroll, men tilbedast. For kristne, og andre grupper som hadde heilt andre Gudsbilete og lojalitet, kunne det føre til undertrykking og forfølging.

Som i mange land i dag kunne ein ikkje skrive kritikken av den undertrykkjande makt med reine ord. Ein kunne difor bruke til dømes eit rikt biletspråk frå dyreriket, frå kosmiske teikn og fenomen, og ikkje minst frå religiøse tradisjonar og praksis. Og det vart gjort til gangs.

Dette er skrive i eit framtidsperspektiv. Det får fram at det ein no ser, er ikkje alt som er sant. Ein heilt annan realitet er også heilt sann. Det som enno ikkje var synleg og tydeleg, måtte få ord og bilete som kunne gje håpet kraft.

Utan håp vert trua noko som berre gjeld meg sjølv. Utan håp vert kjærleiken kald. Då som no.

Ikkje minst desse visjonane, med symbol og bilete av framtida, har i ettertid trigga mange til å tenke at vi kan vite kva som kjem til å skje. Og ikkje berre det: Det har vorte litt for freistande for mange til å bruke desse tekstane til å ta makt, makt over andre og deira tankar og kjensler – og lojalitet. Difor har dette skriftet også blitt brukt og misbrukt til dei mest skadelege påfunn.

Eg var invitert til preimieren av filmen «Praying for Armageddon», som har gått på norske kinoar det siste året. Den viser nokså ekstreme kristensionistiske grupper sitt forsøk i USA på å ta religiøs, politisk og valdeleg, ja, militær makt. Ikkje berre der, men også i Israel og Palestina. For å sjølve gjennomføre visjonane i Johannes openberring.

Kan desse bileta i Johannes openberring hjelpe oss i det heile? Fleire har lurt på kvifor dette skriftet er ein del av den kristne Bibelen. Luther likte det ikkje, han hadde problem med å finne den sanne Kristus i det.

Det står der, og vi har det som ein del av våre heilage Skrifter. Det minner oss om at alltid når vi skal formidle, tolke og utlegge noko i vår Heilage Skrift, så er vi ansvarlege for kva det er vi vi seier, og ikkje minst kva det kan føre til. Vi kan ikkje skulde på ein forfattar av Johannes openberring og seie at slik er det og slik vil det vere her i verda. Det er vi som har ansvaret for kva for bilete av Gud vi formidlar, og korleis vi gjer det.

Det er vi som må velge dei rette ord i rett tid. Vi er kalte til å gi det sanne biletet av Gud – og av mennesket og skaparverket.

Og i dette skriftet er det mange som har funne bilete som har gitt dei håp i dei verste stunder. Der er håpet om at Gud skal turke bort kvar tåre av augo våre.

Vi treng trøyst. Det er meir enn hyggelege ord. Trøyst er skapande ord. Trøyst får oss til å tru at noko meir enn det vi ser, er sant.  Trøyst kan få oss til å elske på tross av det vi opplever, og til å handle med håp.

I denne teksten får vi håp om at dei vonde makter som rår no, ikkje skal ha siste ord og sigre til slutt. Det er Kristus, den gode og oppstandne Herre, som skal sigre. Dette er trua på at Gud gjennom Jesu liv, død og oppstode har skapt ein ny realitet, der våre feil og synder ikkje lenger bryt relasjonen til Gud og kvarandre. Kjærleiken er sterkare enn dei kalde hjarte, sterkare enn uretten og døden.

Det er uråd å få tak i desse bileta i denne boka utan å kjenne den jødiske biletverd og tradisjon. Det gjeld her, men det gjeld i grunnen heile det nye testamentet. Kyrkja har alltid hatt og har jødiske røtter, også i bilete, symbol og tekstar for å tolke verda og Guds handling i verda. Difor har vi så mykje felles med jødar og jødedom. Diverre har det ofte vorte fornekta når kyrkja har markert avstand og nært opp under anti-jødiske haldningar i ulike tider opp gjennom historia. Det kunne gå galt, og det har gått heilt galt.

I denne teksten er det Lammet som bilete som står i sentrum. Det er vorte eit kjent - og kjært – kristent symbol på Kristus. Det går att i svært mykje kyrkjekunst, også i våre kyrkjer. Vi finn det i salmar og andre tekstar.

Blodet frå eit lam var teikn for engelen – som sparte livet til jødefolket som trengte å flykte frå Farao i Egypt.

Offerlammet er eit anna bilete som dette spelar på. Offer-regimet i templet var ikkje eit system for å tilfredsstille Gud eller få Gud til å bli mild og venleg. Slik ofra i templet er skildra i 3. Mosebok, er dei eit uttrykk for at Gud tar synda på alvor. Gud tar dei menneske som er offer for andre menneskes synder, på alvor. Den vonde livssamanheng som synda skaper, kan ikkje ignorerast. Men den kan brytast. Blodet av ofra kunne skape ein ny livssamanheng. Eller som som det heiter i 3. Mosebok 17, i Guds stemme: «Det er eg som har gitt dykk blodet på altaret.»  

Det er i desse samanhengane vår kristne tru har funne sine første former og uttrykk, i ord og handlingar, i salmar og sakrament, i håp og visjonar.

Vi kjem ikkje utanom slik bilete og symbol for å få tak i korleis dei første kristne forsto Jesu død. I lys av oppstoda vart det tydeleg at Jesus var Guds son, at Gud handla i og gjennom mennesket Jesus, gjennom Jesu ord, Jesu liv, Jesu død, og altså Jesu oppstode.

Dette kan apostelen Paulus oppsummere i 2 Kor 5 med å seie: «Men alt dette er av Gud!» «Det var Gud som i Kristus forsonte verda med seg.»

I evangelia vert vi fortalte at Jesus sjølv forsto seg og si gjerning med slike symbol og bilete. Det gjeld særleg i Jesu innstifting av nattverden. Det er paktas blod og kjøt som står i sentrum. Det er påskelammet i måltidet som Jesus gjer om til eit nytt teikn på ei ny pakt. Vi skal «gjere det» til minne om han, og den nye røyndomen han skapte.

Difor kan ein også tale biletleg i Johannes openberring om Lammet. Med dette svært paradoksale fargeuttrykket blir det sagt at syndas makt er broten: Dei er kvite, reinsa i Lammets blod.

Det er den stor skaren. Uendeleg mange, av alle folk og tungemål, ikkje berre jødar som dei aller første kristne var. Det er eit fellesskap over alle grenser som skal bli trøysta og oppmuntra. Dei skal få hjelp  til å sjå det godes gåte i denne verda. Dei skal kjenne kva som er sterkare enn syndas makt i denne verda, ja til og med sterkare enn dødens makt.

Dansken Brorson lar tanken gå litt fritt i si poetiske tolkning av dette. «Den store, hvite flok å se»  - er kvit - og rein. «Som tusen berge full av sne», held han fram. Det er hans paradisvisjon. Det hadde han som danske vel aldri sett. Kanskje nettopp difor er det eit håp for han.

Vi nordmenn har jo fått den slags vakre syn til å bli teikn på påske. I vår tid med klimaenderingane som tek bort snøen frå store deler av Europa, medan vi framleis har den i Noreg, vert dei tusen berge fulle av sne eit nytt bilete i verda på håp. Håpet om at skaparverket skal bli berga, at Paris-målet om å begrensa oppvarminga skal kunne nås.

Påskedagen lyser inn i vår mørke verd på så mange vis.

Menneskets respons kan ikkje vere anna enn «takk». Å gi Gud ære er eit uttrykk for å vere eit menneske, eit menneske med håp.

Ein luthersk prestekollega i Betlehem sa om den ufattelege katastrofen som hans folk er ramma av no: Folket i Gaza har ikkje slutta å tru på Gud. Men dei har slutta å tru på mennesket. På menneskeheten.

Som før, kanskje meir enn før, treng menneske eit bilete av Gud som også får fram det sant menneskelege. Slik at ein kan tru på Guds siger, og tru at menneske – trass alt - kan vere eit uttrykk for at synda og dødens makt over oss kan brytast.

Kva bilete treng vi som skal leie kyrkja i vår tid? Kva bilete treng dei som skal leve som døypte i vårt land, i vår tid? Kva for bilete treng verda, menneska og skaparverket?

Vi treng bilete av Lammet. Av Jesus Kristus. Som gir alt, og som viser oss den uendelege kjærleik Gud har til alle. Til alle folk og folkeslag. Til alt Gud har skapt. Også til dei tusen berge fulle av sne.

Det biletet skal vi halde fram. Det skal vi tilbe og ære gjennom våre bøner, i vår nattverdfeiring og i våre gudstenester. Det skal vi lære nye generasjonar om. Det skal vi halde fram i dødens gys. Det biletet skal vi halde fram til trøst for alle som lir under synda og dødens makt i denne verda. Slik skal vi vere kyrkje saman, som folk av alle ætter og tungemål, i vårt land, i vår verd,

til ære for Faderen og Sonen og Den Heilage Ande,

som var, er og vere skal, ein sann Gud, frå æve og til æve. Amen.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"