Møtte statsministeren

Preses Olav Fykse Tveit møtte statsminister Erna Solberg til samtale på statsministeren sitt kontor fredag 7. mai. – Vi hadde ein nyttig og konstruktiv samtale, seier Fykse Tveit.

– Vi har møtt kvarandre før, men dette var første gong vi fekk sette oss ned og prate godt ilag, seier Olav Fykse Tveit

Dei to diskuterte mellom anna utfordringane kyrkja har møtt gjennom koronatida og korleis preses og kyrkja ser på tida som ligg føre.

– Statsministeren var oppteken av å høyre om kva kyrkja har fått gjort og korleis vi har omstilt oss gjennom denne tida, fortel Fykse Tveit.

Korona-omstilling

Han la i samtalen vekt på både det som har vore mogleg å få til i kyrkjebygget men også det som har skjedd utanfor, på diakonalt arbeid og anna som ikkje alltid kan finnast att i ein statistikk. Eitt av temaene statsministeren spurte spesielt om var konfirmantsamlingar, som i delar av landet har blitt gjennomført digitalt gjennom nesten heile perioden. – Her har vi mange gode digitale alternativ, sjølv om vi sjølvsagt gjerne ville ha gjennomført fysiske samlingar slik vi pleier, seier Fykse Tveit. Han fortel at statsministeren uttrykte at ho var imponert over kyrkja si evne og vilje til å omstille seg og finne kreative løysningar.

– Ein pandemi er ei særskilt type krise, seier Fykse Tveit. – Vanlegvis er det slik at folk søkjer til kyrkja i krisetid, og i denne tida har vi i periodar ikkje eingong hatt høve til å ha kyrkjedørene opne. Det tok eg opp med statsministeren at har vore utfordrande.

Statsministeren uttrykte forståing for dette. – Eg vonar at denne gjensidige forståinga vil gjere at vi kan ha eit endå betre samarbeid vidare.

Kyrkja si rolle i samfunnet

Eit anna tema preses og statsministeren tok opp var tankar om kyrkja si rolle i tida som kjem. – Kyrkja er ein stor organisasjon, og vi er ein del av det dette samfunnet har bruk for, seier Olav Fykse Tveit. – Trus- og livssynssektoren må ikkje forsvinne mellom andre viktige ting sjølv om ein ny trussamfunnslov har tredd i kraft.

Bærekraftsmål

Til slutt snakka Fykse Tveit og Solberg om FN sine bærekraftsmål. – Bærekraftsmåla er ei sams internasjonal og nasjonal målsetting. Kyrkja forsøker også å bidra til å ta dette opp lokalt. Eg tok opp med statsministeren korleis kyrkja kan vere med og bidra til at Noreg gjer sitt for å nå bærekraftsmåla.

Audiens hjå kongen

Samme dag møtte Olav Fykse Tveit også kongen i audiens. – Det var tilfeldig, men svært hyggeleg, at begge desse møtene kom på samme dag, seier Fykse Tveit. – Det er ei ære og ei glede å bli invitert til denne samtalen med Hans Majestet Kongen.  

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på "Oppdater samtykke". Evt. klikk på "Godta alle cookies" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"