Velkomen til samarbeid

Preses Olav Fykse Tveit helste Kyrkjemøtet ved opninga 8. oktober 2020.

Preses Olav Fykse Tveit helste Kyrkjemøtet ved opninga 8. oktober 2020. Foto: Ole Martin Wold

Se video nederst i artikkelen!

Når vi samlast her er det med mandat frå kyrkja sin medlemer til å gjere godt og gagns arbeid saman for heile Den norske kyrkja. Det inneber at vi saman skal å legge til rette for at kyrkja kan utføre sitt store oppdrag med å føre evangeliet vidare til alle det gjeld, frå folk til folk, frå slektsledd til slektsledd.

Då apostelen Paulus skulle oppsummere sin intense teologiske belæring til kyrkjelyden i Rom, der menneske med mange slags herkomst, tru og kultur møttest, skriv han i kapittel 15, vers 7:

«Ta difor imot kvarandre slik Kristus tok i mot dykk, til Guds ære.»

Heile Romarbrevet kan lesast som eit svar på spørsmålet: Kvifor høyrer vi saman når vi er så ulike? Jødar som var blitt Kristus-truande og dei som var blitt kristne og som ikkje var jødar, heidningane, var ført saman – av evangeliet om Jesus Kristus, som er det Paulus kallar «ei Guds kraft til frelse for kvar den som trur, jøde først og så grekar» (1,17). Det er eit budskap som kan forandre menneske, og ikkje minst relasjonar mellom menneske. Kvifor kan det det? Jo fordi det handlar – i ein essens – om at Kristus møter menneske med kjærleik og nåde.  
slik vi har lest i evangelia, slik vi alle treng Guds nådige velkomst.

Vi kan lese i evangelia om korleis Jesus møtte menneske. Med nåde, og på alvor. Kristus forventar noko av oss. Og som Paulus seier: forventninga om at vi skal møte kvarandre like raust – og like respektfullt – og like ærleg og utfordrande.

Evangeliet er at Gud har tru på oss og elskar oss som den vi er. Dette kan vi ta imot gjennom dåpen, i tillit til at det er slik. Difor kan vi også vere stolte av at Gud gir oss tillit og gir oss oppgåver av ulikt slag i denne verda, i teneste for fellesskapet og den verda vi lever i. Det er ei stadfesting av vårt menneskeverd, ja, av at vi er skapte i Guds bilete.

Demokrati er eit uttrykk for slik tillit, tillit frå folket, frå dei andre, for at vi skal ta hand om og løyse oppgåvene saman til deira beste. I eit kyrkjeleg demokrati har vi fått nokre oppgåver saman som skal gjere kyrkje i stand til å fylle sitt gudgitte oppdrag. Kristus utfordrar til teneste og innsats for Guds rike – for at det skal verte meir himmel på jord. Difor seier vi begge deler: Det er rom for deg i kyrkja, og det er bruk for deg i kyrkja.

Avslutninga av Romarbrevet høyrest nesten ut som ein agenda for eit Kyrkjemøte: Det handlar om det som må gjerast av kvinner og menn som har fått ulike oppgåver, om å anerkjenne dei ulike gåvene dei har, om å unngå splitting, om solidaritet og samarbeid, om innsamling til kyrkja i Jerusalem, om støtte til formidlingsoppdraget Paulus har fått å forkynne evangeliet, også «der Kristi namn ikkje er kjent». Det er eit gjensidig ansvarleg forhold mellom dei som er i kyrkja i Roma, og dei er gjensidig avhengige av kvarandre.

Slik er det og skal det vere også mellom oss som er samla her som Kyrkjemøte frå heile landet, med støtte gitt til ulike lister, eller vi er her på grunn av den tenesta vi er sette til i kyrkja, til dømes som biskopar.

Vi skal vere audmjuke overfor oppgåver som er gitt oss og lagt på oss i kyrkja. Det er ein stor samanheng vi er i. Nokon av dykk er nye her. Nokre av dykk er veteranar. Vi har ulike ting å bidra med, som gåver vi også deler med kvarandre, også der vi er usamde. Vi treng å bli tatt i mot av kvarandre.

Eg er her for første gong i mi nye rolle som preses. Eg er audmjuk og svært takknemleg overfor dykk og den støtte de gav til mitt kall til i prosessen fram mot utnemninga til den tenesta eg no er sett inn i. Eg vil nytte dette høvet til også å takke for den måten eg har blitt møtt mellom dykk, kollegaer i Bispemøtet, i Kyrkjerådet,  i staben i Kirkens Hus og her i Nidaros, og blant alle dykk som eg elles har fått møtt allereie.  Og no har eg den ære å møte alle de som er Kyrkjemøte-medlemer. Det er med glede og forventning eg ser fram mot det som vi skal gjere saman.

Eg skulle ha begynt i april, så vart det utsett til mai. I slutten av april møtte eg ein pensjonert prest, som sa til meg: "Olav, du kommer til å gå inn i kirkehistorien, for du er den første biskop som har fått i oppdrag å forhindre at folk går i kirken." 

Eg vil herved gi min sterke honnør til alle i kyrkja, absolutt alle, som har tatt tak i nye og utvida oppgåvar i så måte med evne og vilje til å finne løysingar. Det er er på sin plass her å rette ein spesiell takk frå oss i Bispemøtet til leiinga i Kyrkjerådet og i KA, og til kyrkjeverjelaget for viktige og nødvendige samarbeidsmønster som vi kunne få til for å koordinere tiltak og omorganisering knytta til smitteverntiltak til nytte for oss alle.

Dette skal vi gjere utan å gløyme at vi framleis er ein del av eit fellesskap som ikkje stoppar ved ei landegrense. I dette fellesskapet er der mange som slit veldig tungt, tyngre enn oss. I mange kyrkjer er helsearbeid vorte det ein må prioritere framfor nesten alt anna, i fleire kyrkjer har ein opplevd mange corona-relaterte dødsfall – også mellom kyrkjeleiarane. Dei fleste kyrkjer i verda er avhengige av den økonomi medlemmene syter for direkte, og er difor svært sårbare no. Det internasjonale og økumeniske samarbeidet for solidaritet, rettferd og fred er vanskelegare å drive, men kanskje meir nødvendig enn nokon gong. Den norske kyrkja er i ein nokså unik situasjon med at vi også i denne situasjonen har eit økonomisk grunnlag som gjer oss mykje mindre sårbare, og kan og bør finne måtar å støtte andre og felles organisasjonar på. Vi skal dessutan audmjukt minne kvarandre om at vi i kyrkja er mindre sårbare enn mange andre i ulike delar av norsk arbeidsliv.

Det er viktige saker også på eit kort Kyrkjemøte, ikkje minst valg og oppnemningar. Det er godt det er nokon som er vilige til å ta på seg oppgåvene.

Vi er i desse tider opptekne også av saker som ikkje er på agendaen på dette møtet. Eg er komen inn i komiteen som skal jobbe med kyrkjeorganisasjon er i ein sluttfase, og handlar om å finne dei gode og mest tenlege ordningar for heile kyrkja, lokalt og nasjonalt, slik at vi i ulike roller kan gjere mest mogeleg nytte i god samhandling til beste for alle medlemene og vårt samfunnsoppdrag.

Og så vil eg seie at også Bispemøtet har merka seg den debatten som har kome opp knytta til en problematisering rundt kvinners prestetjeneste i kyrkja vår. Som eg har sagt: Vi må minne kvarandre om at det ikkje er til diskusjon at kvinner og menn har lik rett og like moglegheiter til å bli ordinert til prest i Den norske kyrkja og gjere teneste her. Det har lenge vore klart at det er Den norske kyrkja sitt offisielle syn og ordning gjennom vedtak i Kyrkjemøtet og gjennom biskopane sin ordinasjonspraksis. Saman vil vi biskopar understreke at kvinner si presteteneste er ein rikdom og ei velsigning for kyrkja. Og så må vi halde fast på at kyrkja er eit fellesskap om ord og sakrament. Då kan vi ikkje gjere det uklart om vi som skal forvalte ord og sakrament er i eit fellesskap. Dette vart også understreka tydeleg av Lærenemnda allerede i år 2000, i den såkalla Tunsbergsaka. Difor kan vi ikkje ha, i denne eller andre sakar, ordningar der vi kan reservere oss mot kvarandres samarbeid i dei oppgavane som t.d. prestar har fastsett gjennom tenesteordninga og det som vert pålagt av overordna. Det er jo godt mogleg å ha ulike meiningar mellom oss som er prestar i Den norske kyrkja, men vi kan ikkje velje sjølv korleis dette skal omsetjast i praksis når vi er i presteteneste. Det som skal skje må skje i samråd med overordna og kollegaer. Vi har merkt oss at det er utfordringar rundt dette som også handler om eit godt arbeidsmiljø i kyrkja, og det er behov for å klargjere kva for forpliktingar ein går inn i når ein let seg ordinere til presteteneste i kyrkja, med tanke på samarbeid med dei andre. Dette vil også vi som biskopar ta på alvor i våre drøftingar vidare av korleis vi skal ta tak i det som har kome opp, korleis vi kan komme med ein felles uttalelse etter vårt møte neste veke, og også eventuelt spørje "korleis kan dette tydeleggjerast i dei ordningane vi har i Den norske kyrkja?" Då vil det jo også komme tilbake til Kyrkjemøtet for handsaming. 

Lat meg avslutte med å vise igjen til uttrykket av Paulus. I dette spørsmålet, som i så mange andre spørsmål vi held på med, handlar det om korleis vi tek imot kvarandre. Kvarandres gåver, kvarandres haldningar, men også det vi står for. Og korleis tek vi imot kvarandre ut frå at vi alle har eit kall som vi deler. Eitt kall, ein Gud, ei kyrkje. 

Måtte Gud gi oss både visdom og styrke til å fylle desse oppgåvene.  

Til Guds ære, som Paulus seier det, kort og greit.

Velkomen til samarbeid.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"