– Vi kan betre

Preses Olav Fykse Tveit preika under festgudstenesta i Nidaros som avslutta Kyrkjemøtet 2020

Preses i Den norske kyrkja Olav Fykse Tveit. Foto: Bo Mathiesen

Vi hadde gleda oss til at kongen og dronninga også skulle kunne vere her saman med oss i dag, men av grunnar vi alle veit var ikkje det mogleg. Vi sender Kong Harald og Dronning Sonja våre varme helsingar, og håpar og ber om fortsatt god bedring for kongen.

Her i Nidarosdomen kjenner vi pulsslag av år og hundreår. Kyrkja i vårt land har samla menneske og formidla verdiar vi kan leve saman på.

No er det vår tid. Tida møter oss med store og gode forventningar. Dei kjem også frå dagens evangelium.

For Jesu ord har ikkje gått ut på dato.  Med tanke på det vi høyrte, må ein nesten seie: Dessverre.

Det Jesus set fingeren på har skremande stor aktualitet. Vårt forhold til kvarandre som menneske kan bli øydelagt av dei orda vi seier til kvarandre. Han peikar på at vi treng å forsone oss med kvarandre som menneske, i dei spenningar og sår som oppstår mellom enkeltmenneske, mellom ulike grupper, eller nasjonar.

Mobbing er ikkje eit nytt fenomen. Kanskje vi veit litt om det, nokon kvar, enten det er å bli mobba, eller vi veit med oss sjølve at vi har vore mellom dei som har mobba andre. Barn og unge fortener ein oppvekst utan mobbing. Vaksne fortener også å sleppe mobbing. For ord kan skade. Det er ei alt for vanleg oppleving for mange.

Vi veit også – dessverre - ganske mykje om at det kan vere ein samanheng mellom bodet å ikkje slå i hel og ord som ekskluderer, stigmatiserer eller diskriminerer. Det er ein samanheng som verkeleg kan gjere oss mismodige på menneskeheita sine vegner. Det gjeld heller ikkje berre ei fjern fortid, då Jesu ord vart høyrt første gongen.

Vi har markert og takka for at det er 75 år sidan den andre verdskrigen med okkupasjon av Noreg var til ende. Den nazistiske ideologien fremma rasistiske haldningar og uttrykk mot spesielle grupper. Særleg gjekk det hardt ut over jødar. Men det vart også retta mot andre grupper, så som romfolk, homofile, og funksjonshemma. Det enda så galt som det kunne i kanskje det mørkaste kapittelet i menneskets historie, med systematisk folkemord.

Menneske vert fornedra eller forakta også i dag berre fordi dei tilhøyrer ei anna gruppe menneske. Vi veit at slike haldningar finst også i vårt land.

Vi må saman stå opp mot ideologiar og ord som vil forgifte samfunnet, og ramme særleg religiøse eller etniske minoritetar, slik vi såg eksempel på utanfor den jødiske synagoga i Oslo nyleg.

Frå dei nære relasjonar til dei store internasjonale forhold kan uforsonlege ord drive oss frå kvarandre. Det ser vi ikkje minst gjennom uredigerte sosiale medier. Slikt kan forsterke dei tragiske verknader av andre problem, som til dømes i møte med ein pandemi. I alle delar av verda er det no ulike minoritetar som vert gjort til syndebukkar for smitten.

Kva er det så Jesu ord seier oss inn i eit slikt bilete av vårt liv i dag? Det viktigaste ordet han brukar er kanskje ordet «men». «De har høyrt det er sagt, men eg seier dykk…» Jesus avskaffar ikkje dei gode bud, men utfordrar oss til å tenkje vidare for å sjå rekkevidda av dei verdiar og normer som er gitt oss.

Han set føtene på solid grunn. Han viser til tradisjonen, som har gitt klar og god rettleiing om kva som er rett og gale. Du skal ikkje slå i hel. Den som gjer det, skal stå ansvarleg for det – for ein domstol. Slik ser ein konturar av eit rettssamfunn som ikkje let den sterkaste sin rett råde.

Men, understrekar Jesus, det er ikkje slik at om ein ikkje har slått nokon i hel, så er ein rettferdig, og det er ikkje meir å tenkje på. Det trengst noko meir. Det gjeld respekten for andres liv som er uttrykt i budet, dette vernet for oss sårbare menneske, for dei andre, deira verdigheit, deira verdi, deira anseelse – for den dei er, uansett kven dei er. Jesus overdriv poenget sitt, for å få det fram: «Den som seier «din tosk», skal vere skuldig for det Høge rådet».

Difor må vi finne ut kva dette betyr, i dag. Vi er gitt verdiar og normer som kan gi oss fast grunn å stå på. Det er samla opp i det doble kjærleiksbudet, å elske Gud og vår neste. Det er kopla til den gyldne regel: Det du vil at andre skal gjere mot deg, skal du gjere mot dei.

Men vi kan ikkje berre bli ståande med sitat av kva som er sagt eller skrive. Vi må gå vidare og gjere det gjeldande i det livet vi lever og skal leve saman. Vi kan ikkje legge ansvaret for kva vi gjer på gamle tekstar og dei som skreiv dei. Vi må bere ansvaret sjølve for kva vi gjer i møte med kvarandre.

Jesus talar om å søkje forsoning med «bror sin» før ein går til det heilage, til altaret. Vi treng fred i vårt forhold til kvarandre, i den verda vi lever i, overfor naturen, overfor alt og alle Gud har skapt.

Budet «du skal ikkje slå i hel» vert eit svært aktuelt bud når vi tenkjer over omfanget av dei store miljøkriser vi står overfor, både direkte og indirekte. På 50 år er det 2/3 nedgang av talet på dyr på jorda. Vi – menneske - treng også artsmangfaldet. Og klimakrisa kan gjere det vanskeleg, ja umogeleg, å leve mange stader der menneske - og dyr - er i dag. Det er svært store utfordringar vi står overfor.

Jesus ber oss forsone oss med kvarandre før vi går til det heilage. Vegen til forsoning kan opnast, men det går ikkje ein snarveg via altaret. Det går gjennom å erkjenne sanning og søke rettferdige relasjonar mellom oss. Då kan også vegen gå til altaret, der vi kan motta Guds gåve, så som i nattverden, i takk og bøn til Gud. Ja, det kan nettopp bli den vegen som gjer at nokon verkeleg kan finne nye vegar og nytt liv, for seg sjølv og i forhold til andre.

I kyrkja tilber vi Kristus som forsonar. Det gjer vi her i Kristkyrkja, og i alle kyrkjer i verda. I kyrkja har menneske gjennom tidene søkt i sin nød til den krossfeste og oppstandne Jesus Kristus, som den som har forsona verda med Gud, og som har sett oss inn i forsoningas teneste. Det er ikkje for å bagatellisere det vonde og den urett som har skjedd, men fordi vi treng ein som kan endre vår relasjon til Gud og kvarandre. Synd og skuld, urett og ufred, er dessverre heller ikkje ord som er gått ut på dato.

6. februar i 2017 vart eit samisk altar innvigd her i Nidarosdomen, i nasjonalheilagdomen. Det skal vise at vi er ein nasjon med to folk. Og det er eit teikn på at det trengst erkjenning av sanning og forsoning mellom oss. Samefolket har i mange år vore utsett for diskriminering og urettferd, frå nasjonale styresmakter og frå kyrkja, og i lokale samanhengar. Det gjeld også her i denne delen av landet, i det sørsamiske området. Vi håpar no at den offisielle sannings- og forsoningskommisjonen som Stortinget har oppretta, skal føre oss langt på vegen i felles erkjenning av fortida, mot rettferd og forsoning.

Kristus-skikkelsen ved det samiske altaret er kledd i ein kjortel som er forma som ei samekofte. Jesus er den som vi alle kan identifisere oss med - som det heile og sanne menneske.

Det er det som ligg under det Jesus seier, nemleg eit anna bilete av mennesket som han vil ha fram og som han representerer. Det er uttrykk for ei stor forventning til oss: De kan betre enn dette. Vi kan betre enn å øydelegge for kvarandre og relasjonane mellom oss. Det biletet har også inspirert menneske i kamp for rettferd, mot rasisme, for likestilling, for demokrati. Det er biletet av mennesket, kvinner og menn, som eit Gudsbilete.

Vi kan vere stolte av å vere menneske, ein del av den eine og store menneskeslekta på jord, med alt sitt mangfald. Ja, når var vi eigenleg sist stolt av berre å vere eit menneske?

Det hender vi blir inspirerte til å sjå alle menneskes verd og uendelege verdi ved den måten nokon møter andre på eller omtalar andre på.

Vi kjenner slike øyeblikk igjen når vi har dei.

For mange av oss har det hendt når ein har lytta til Hans Majestet Kong Haralds talar, slik det skjedde ved 25-årsjubileet som regent. Då vart vi alle omfavna som norske, uansett kven vi er, kvar vi kjem frå, kva vi trur på eller kven vi er glad i. Det er ord som har sett spor i oss som menneske og som nasjon. Det er ord som byggjer på det vi har med oss i vår kristne og humanistiske arv, men som viser kva dei må bety i dag, i vårt mangfaldige samfunn no. Dei orda sette ein ny standard i vår forståing av vår nasjons felles verdiar.

Vår kristne og humanistiske arv er nemnt i den siste revisjonen av Grunnlova. Det er kopla til erklæringane om universelle menneskerettar. Slik er denne arven tolka i dag med tanke på utfordringane for den enkelte og vårt felles liv, i Noreg og i verda.

Jesus utfordrar oss til å følge hans eksempel, til å skape fred, med alt det inneber. Det er ikkje fordi vi er betre enn andre, men fordi Jesus kallar oss til å bringe det vi har fått til andre, der vi kan.

For eit par år sidan skulle eg leie ein kyrkjeleg delegasjon på eit besøk i Pyongyang, som del av eit arbeid for å bygge bruer mellom det splitta folket i nord og sør i Korea. Det var ei veke etter det første håpefulle møtet mellom dei noverande leiarane i Sør-Korea og Nord-Korea. Vi skulle også overrekkje ei gåve i Nord-Korea, som det er god skikk og bruk når ein er offisielle gjester. Mine gode kollegaer meinte ei fin klokke frå Sveits, der nokon av oss kom frå, kunne vere høveleg. Det vart til at vi tok med eit ikon, eit vakkert malt bilete frå den ortodokse kyrkjetradisjon, av Jesus som velsignar. Eg vart bedt om å forklare - overfor han som tok imot på vegne av landets leiar - kvifor vi ville gi akkurat denne gåva. Eg sa: "Dette er eit bilete av han som er vår fredsfyrste, Jesus Kristus. Det er han som inspirerer oss til å arbeide for fred og forsoning, for rettferd og verdighet for alle. Fordi Gud elskar verda, heile verda, alle menneske." Gåva vart tatt i mot med stor respekt og takk.

Som kyrkje – saman med andre kyrkjer - skal vi i alle forhold spørre korleis vi kan stå i forsoningas teneste. Vi gjer det i samarbeid med alle menneske av god vilje, uansett religiøs tru eller ikkje. Så må vi våge å tru at vi som menneske kan gjere det betre, i ei uforsona verd, i ei menneskeslekt som er vorte naturens fiendar.

Vi gjer det saman med unge menneske som spør etter håp.

Vi gjer det i tru på at Fredsfyrsten vil vere med oss, kvar dag.

Ære vere Gud, vår Skapar, Forsonar og Livgjevar, Fader, Son og Heilage Ande, som var, er og vere skal, èin sann Gud frå æve og til æve.

Amen

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"