Rettferd og fred

Preses Olav Fykse Tveit helste Kyrkjemøtet 2021 på opningsmøtet torsdag 11. november. Han la vekt på medansvaret vi alle har for kyrkja sitt oppdrag, og den tenesta det er å vere del av kyrkjedemokratiet.

Olav Fykse Tveit på Kirkemøtet 2021

Se hele talen til preses Olav Fykse Tveit her

Les hele talen her

Miskunn og sanning skal møta kvarandre,
Rettferd og fred skal kyssa kvarandre.

Slik heiter det i Salme 85,11.

Det er godt å kunne møtast. Sjølv om vi for tida skal vere litt meir på avstand enn det desse store, vakre og innhaldsrike orda frå Det gamle testamentet gir oss assosiasjonar om, så er det godt å vere saman. Vi kan sjå kvarandre i augene og samtale, med både store, viktige ord og med små ord som kan binde livet vårt saman.

Å gjere teneste
Å møtast og samtale sammen på eit Kyrkjemøte er ei teneste. Det er ei teneste å vere here. Det er ei teneste å peike på kva som må gjerast og prioriterast mellom dei mange oppgåver for å fylle oppgåva vi har fått av Gud: å formidle Guds miskunn og sanning, Guds rettferd og fred. Ikkje berre det eine eller det andre, men alt av dette.

Det er ei viktig teneste å styre heile Den norske kyrkjas arbeid, og legge ordningar og forhold til rette for at kyrkja vår kan utføre det oppdraget vi har fått saman.

Dette er eit teneste for kvarandre , ved å dele våre innsikter og meiningar, og saman dele på ansvaret som er lagt på oss.

Det er ei teneste for alle i kyrkja, for alle som treng at kyrkja er til stades der ein er og gjennom heile livsløpet.

Det er eit teneste for samfunnet som kyrkja vår er ein del av, lokalt nasjonalt og internasjonalt. Det er eit teneste for dei andre kyrkjene i Noreg og vårt felles oppdrag.

Det er ei teneste for våre samarbeidspartnere i sivilsamfunnet, for å bygge samfunn som det er godt å leve i.

Det er ei teneste for dei som har særleg bruk for at kyrkja ser dei og høyrer dei, dei som kan trenge tydelege ord og teikn på at dei er velkomne og akspeterte både i landet vårt og i kyrkja vår. Vi treng alle å høyre at det er rom for deg og at det er bruk for deg.

Vi talar stundom - på møter som dette nok litt hyppigare enn elles - om «det allmenne prestedømmet». Vi kan også tale om «det allmenne diakonembetet». Poenget er ikkje å leike med desse litt spesielle titlane vi heldt oss med i kyrkja. Vi kunne også føye til andre kyrkjelege titlar også i ressonnementet.  

Medansvar for kyrkja sitt oppdrag
Det er visse tenester menneske blir kalt til på fulltid og vigsla til som ei livsoppgåve. Men det gjeld å sjå at innhaldet i desse oppgåvene, å formidle trua på alle ulike vis, å be for kyrkja og verda, å vise kjærleikens omsorg og kraft - det har vi alle del i som døypte medlemer. Vi har alle eit medansvar for at kyrkja kan og vil utføre sitt oppdrag med å dele evangeliet, å gi opplevingar med kunnskap, fellesskap, kultur, musikk, i kyrkjebygg og andre stader der evangeliet kan møte oss gjennom heile livsløpet.

Til dette trengst mykje god og representativ klokskap. Vi deler på ansvaret for å styre arbeidet med å legge til rette for at vi har gode strategiar, gode arbeidsforhold og arbeidsmiljø for dei tilsette, og at vi har ei god forvaltning av dei ressursane vi er betrudde. Som ein sa det: «At vi får mest mogeleg Jesus for penga!»

Det handlar ikkje berre om å «bestemme». Når vi diskuterer og drøftar mange ting i den strukturerte samtalen her, er vi ikkje forkynnarar, men vi er ansvarlege for å betre forstå korleis vi kan legge til rette for at kyrkja kan fylle sitt oppdrag med å formidle Guds kjærleik. Det gjeld i alt det vi måtte bere fram på eit Kyrkjemøte. Det gjeld også måten vi gjer det på.

De som er valgte med tillit og mandat til å fylle akkurat desse oppgåvene vi har i hendene desse dagane, har fått ei viktig og vesentleg teneste. Den oppgåva har i seg både å vurdere utfordringane i vår tid og i tidene som ligg framfor oss. Vi er her ikkje for oss sjølve og våre interesser her og no. Vi er her for dei som skal ha ei god kyrkje å høyre til i.

Ikkje minst gjeld dette ansvaret for dei som skal ha ei slik kyrkje for framtida. Dei avgjerder vi tek, formar deira kyrkje og den evne kyrkja skal ha til å framleis å vere ei kyrkje mange kan kalle mi kyrkje. Det er ei kyrkje som på gamle og nye måtar formidlar miskunn og sanning, rettferd og fred.

Dette skal vi prøve oss på i alle saker vi styrer med. Det gjeld både i dei små og dei store sakene. Og som vi veit, har vi ein Gud som spør om vi er tru både i det små og i det store.

Klimatoppmøtet
Andre menneske er samla på eit anna møte i Glasgow desse dagane, med det vi må kunne seie er eit endå større og meir krevande ansvar enn vårt. Vi skal også på dette møtet drøfte klimaforandringane og kva vi kan gjere ut frå vårt ansvar. Då eg traff klimaminister Espen Barth-Eide før møtet i Glasgow, eg ønskte han lukke til og sa at i kyrkjene ba vi for det møtet, svarte han med ei klar utfordring til oss: «No treng vi alle gode krefter».

Bispemøtet gav ut i vår heftet «Guds skaparverk – vår heim». Då viste vi kvifor det ikkje berre er mogeleg, men vår plikt å be i gudstenestene for dette arbeidet – dersom vi skal ta vår tru på Gud på alvor. Vi viste til kor påtrengjande og kritiske desse utfordringane er, men også at vi kan gjere noko med dei.

Dette har noko å gjere med alt vi gjer og seier i ei gudsteneste, skriv vi i dette heftet. I vår takk og lovprising til Gud ligg også vår kjærleik til det Gud har skapt. I møte med Guds ord, i alle typar tekstar i vår Bibel, ser vi det store biletet av Guds skaparverk, vår plass i det, men også at dette handlar om noko mykje meir enn oss. I truvedkjenninga svarar vi med vår tru på Skaparen, Frelsaren og Livgjevaren, Faderen, Sonen og Den Heilage Ande. I vår syndsvedkjenning er vi ærlege om at vi som menneskeslekt har svikta, og at vi som er best stilte har størst ansvar. I bønene ber vi for dei mange som lir, for alle menneske, og særleg for dei som ber det store ansvaret for å vedta og gjennomføre store endringar.  I velsigninga får både vi og skaparverket del i Guds miskunn og sanning, rettferd og fred.

Fred og rettferd
Salmane i Det gamle testamentet er Guds ord, og vi brukar dei gjerne som bønner - og som preiketekstar når det høver.

Kvar for seg representerer dei eit stort rom av tankar og kjensler, men også av verdiar.

Miskunn og sanning høyrer saman, fordi sanninga kan vi tole å sjå i augene når vi blir møtt med miskunn og nåde. Men det er også andre vegen: Når vi erkjenner kva som treng endring, skal vi også søke det som er sant og godt, ekte og livgjevande. Nåden kan ikkje vere ei unnskyldning for å ikkje bry seg om å gjere det gode til alle tider. Tvert om.

Vi kan ikkje snakke om ein varig og haldbar fred utan rettferd. Ikkje i vårt land, ikkje i Det heilage landet, ikkje i nokon samanheng. Vi kan heller ikkje tale om rettferd utan at det skal bidra til fred,  til fellesskap som gir liv og fred, alt det som gjer livet leveleg og trygt for alle. Det handlar her, som elles i livet, ikkje berre om å få rett, men også å gjere det som er rettferdig – og særleg for andre.

Det som er viktig i livet, er også ofte krevjande. Men i det ligg ikkje at det er meiningslaust, eller umogeleg. «Dette orkar eg ikkje, eg er så lei av desse problema». Slik kan vi tenkje, og kanskje seie. Men det kan og skal vere også noko anna som pregar oss. Det handlar ikkje om å lage den perfekte verd, heller ikkje den perfekte kyrkja. Ho finst ikkje. Og eg trur ikkje det hadde vore godt om nokon har det som mål. Det går som oftast gale. Alltid, vil eg nok seie.

Orda i Salme 85 frå GT har ei anna ramme som gjer at vi kan ta fatt på oppgåvene med frimod. Det er forventninga til Gud, til Guds miskunn og sanning, til Guds rettferd og fred, som gir orda kraft og meining.

Det vi har fått, er det som vi gir vidare. Som det heiter i nokon vers før Salme 85:  

Er det ikkje du som vekkjer oss til liv på nytt så folket ditt kan gleda seg i deg?

Og frå djupet av menneskelivet, ja frå heile skaparverket lyder det vidare:

Lat oss få sjå di miskunn, Herre, gjev oss di frelse! (Salme 85, 7-8)

 

Godt Kyrkjemøte!

 

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"