Preses Olav Fykse Tveit tale ved eittårsmarkeringa

– Det er ingen kristne verdiar ein kan fremje med å angripe, skade, drepe, spitte familiar og drive millionar på flukt frå sine heimar.

Mineya Ukrainian folkgroup framførte songar under markeringa. Foto: Finn Folke Thorp / Den norske kyrkja

Det er eitt år sidan Russlands storskala invasjon av Ukraina, og Trefoldighetskirken i Oslo inviterte til minnemarkering og økumenisk fredsbøn. Den vart helde saman med Noregs Kristne Råd og ukrainagruppa i Oslo Sanitetsforening.

I gudstenesta deltok mellom andre koret Mineya Ukrainian folkgroup, biskop i Oslo Kari Veiteberg, sokneprest Pål Kristian Balstad og diakon Signe Myklebust.

Preses Olav Fykse Tveit heldt ein tale etter lesinga av Salme 31, 2-9. Det er ein tekst som har vorte lese ved fleire markeringar det siste året.

 

Her kan du lese Preses Olav Fykse Tveit sin tale

Vi var her for eitt år sidan.

Vi las og ba den same teksten frå Salme 31 då. Saman med menneske som ba den i Ukraina. 

Denne bønn vart lest kvar dag, høyrde vi, og det gjorde inntrykk på oss. No har det vorte bønna som måtte lesast kvar einaste dag i eit heilt år. I Ukraina, og i ei rekkje andre land, vert den bedt: HERRE, JEG SØKER TILFLUKT HOS DEG. FRI MEG UT I DIN RETTFERDIGHET! Det er ropet som er bore av tru, av håp  - og av kjærleik.

Vi ber i dag saman med ukrainarar som har flykta frå krigens fare og krigens øydelegging av det dei har kjær. Dei har flykta frå husa, kjøkkenet, senga, leikene, bøkene, jobben, gatene, butikkane, skulane, kyrkjene, jernbanestasjonane, bilane, parkane, naturen. Dei møtte du frå den og dei som dei deler livet mitt, frå smila, frå samtalane, frå klemmane. 

Det er mange historier som når oss frå denne forferdelege, brutale angrepskrigen den russiske presidenten har sett i gang mot sitt nabofolk i Ukraina. Ein av dei som slo meg i magen er historia som NRK formidla i dag om ein soldat og hans livs kamp for livet og for fridom og fred for sitt folk. Det som slo meg mest var kontrastane mellom det vanlege livet han og hans familie skulle levd, og det forferdelege han opplever, og det uvanlege livet dei må leve, skilt frå kvarandre. Kona Diana og dottera Leia og svigermora måtte flykte til Estland og er der framleis. Småbarnsfaren Valentin vil leve eit normalt familieliv med dei, men søv i skyttargraver i staden for i senga si. Bileta han legg ut vitnar om stemma er meir dempa og blikket vitnar om levd liv. Hans største frykt var at verda skulle gløyme krigen.  At det uvanlege, uhøyrte skulle bli vanleg. 

Det er ein fare for at vi som ikkje er ramma av krigen slik som dei, venner oss til at det berre er slik.
Det er ein fare for at vi venner oss til at det er slik det er, at det er krig, at det er atskillelse, øydelegging, frykt og død.

Slik må det ikkje bli, slik skal det ikkje vere.

Vi må be denne bøna igjen og igjen, dag etter dag, i solidaritet med alle som lever i tvil og uro:
HERRE, DU ER MIN TILFLUKT! FRI MEG UT I DIN RETTFERDIGHET!

Biskop Bernt frå Den katolske kyrkja avslutta sin poengterte tale for eitt  år sidan med å seie at vi heldt fram med å appellera til Gud. Kven president Putin appellerer til, visste han ikkje. 

Det vi dessverre veit, er at han forventar at den russisk-ortodokse kyrkja om å legitimere og velsigne krigen, ein krig som er mot folkeretten, etisk illegitim, og mot alle våre felles kristne verdiar. Det vi diverre veit er at det også skjer at leiinga i kyrkja der støttar dette som ein krig om verdiar. Men det er ingen kristne verdiar ein kan fremje med å angripe, skade, drepe, spitte familiar og drive millionar på flukt frå sine heimar. 

Vår oppgåve som kyrkjer er å halde fram å be og arbeide for rettferd og fred. At alt det Gud har skapt, alt det vi ønskja som det «vanlege», skal verte slik prega av fellesskap, trivsel, gode naboar, trufaste vener, mat og klede, helse, glede, at barn går på skulen og leikar og lærer, at vaksne går til sitt arbeid, at alle søv trygt i sine eigne senger. At det vert rettferd og fred. 

For alle menneske som lir under denne krigen. Uansett kvar dei er. Uansett kvar deira heim er.
Krigen kan ikkje vi andre slå oss til ro med. Men vi håper og ber. 
At noko vedunderleg skal skje, at det må skje.

Difor heldt vi fram med å be:

HERRE, DU ER MIN TILFLUKT! FRI MEG UT I DIN RETTFERDIGHET!

Amen

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"