Skal kartleggje arbeidsmiljøet til kvinnelege prestar

− Debatten det siste året har vist at det er viktig og dessverre også naudsynt å undersøkje korleis det er å vere kvinne og prest i Den norske kyrkja, seier kyrkjerådsleiar Kristin Gunleiksrud Raaum.

Skal kartleggje arbeidsmiljøet til kvinnelege prestar

Fleire kvinnelege prestar i Den norske kyrkja har den siste tida fortalt om opplevinga av å ha kollegaer som ikkje anerkjenner dei fullt ut som prestar. Ein slik situasjon kan gje grobotn for samarbeidsrelasjonar som ikkje tilfredsstiller ei ramme for eit forsvarleg arbeidsmiljø.

Difor sender Kyrkjerådet no ut ei undersøking til alle kvinnelege prestar i kyrkja. Resultata frå den vil setje Den norske kyrkja betre i stand til å vere ein god arbeidsgjevar for prestane.

– Det er eit ansvar for kyrkja som fellesskap og som arbeidsgjevar å ta tak i dei problema som måtte vere for kvinner i presteteneste som kan vere knytt til at dei er kvinner – og til den usemja som det har vore om dette spørsmålet, seier preses i Den norske kyrkja Olav Fykse Tveit.

Alle kvinnelege prestar i Den norske kyrkja vil i midten av mars bli bedne om å delta i spørjeundersøkinga. Den skal være utforma for å måle ulike sider ved det som vert rekna for å vere eit godt arbeidsmiljø, også spesifikt for ein kyrkjeleg samanheng.

– Vi håpar at dette vert eit nytt steg framover for eit godt arbeidsmiljø for alle og ei gjensidig respekt og vilje til samhandling mellom alle prestar, seier Fykse Tveit.

Resultata skal etter planen vere klare i veke 15, og vil bli presenterte internt i kyrkja og eksternt.

− Undersøkinga skal bidra til at vi som arbeidsgjevar skal bli betre i stand til å arbeide vidare med kvinnelege prestar sine arbeidstilhøve, seier Kristin Gunleiksrud Raaum.

 

 

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"