Les barne- og familieministerens tale til Kirkemøtet 2022

Statsråd Kjersti Toppe har ansvar for tros- og livssynsfeltet. Her kan du lese talen hun holdt for Kirkemøtet.

Sjekkes mot fremføringen.

Kjære Kyrkjemøte,

I fjor stod eg her for første gong – fire veker etter at eg hadde tiltredd som statsråd.

I fjor visste eg ikkje heilt kva eg gjekk til når det gjaldt kyrkjemøtet.

I år har eg gleda meg.

Eg er stolt og takknemleg for at eg får arbeide med, og vere med å gi retning for,  eit slikt viktig politisk felt og samfunnsområde som trus- og livssynsfeltet er. 

Det representerer grunnleggande menneskelege verdiar  og samfunnsverdiar i den tida vi er i.  Eg veit at den  jobben de gjer i den norske kyrkja betyr så mykje for så mange menneske og for lokalsamfunna i heile Norge. 

Og sjølv om Grunnlova er endra når det gjeld forholdet mellom kyrkje og stat, så slår  Grunnlova  framleis fast at Den norske  kyrkja skal vere Norges folkekyrkje. Kyrkja har eit samfunnsansvar.

Det er eit ansvar vi må dele på. 

-----

«Alle menneske er overgitt til kvarandre. Og alle menneske er avhengige av kvarandre og av jorda. Ingen lever av seg sjølv eller for seg sjølv. I kraft av skapinga er oppdraget til alle menneske å forvalte skaparverket og leve i nestekjærleik med kvarandre.»

Dette avsnittet las eg i diakoniplanen for Den norske kyrkja.

Det føyer seg fint inn i det som er tema for dette kyrkjemøtet, nemleg håp.

Årets tema er dessverre veldig aktuelt.  For å sitere mi eiga dotter som studerer her i Trondheim, som i går kveld sa til meg: Det er så mye sykt som skjer i verden, mamma. Ja, vi føler vel alle på det.

Klimakrise, energikrise, matvaremangel. Auka straumprisar, auka drivstoffprisar og aukande rente. Økende ulikheit og fleire  barn som lever i fattigdom, òg her i Noreg.

Og bak alt dette lurer ein pandemi som sette verda ut av spel i to år og ein krig som ikkje ser ut til å ha nokon ende og som rammar sivilbefolkninga hardt og har sendt kvinner og barn ut på flukt. Angrepet under Pride i sommar vitnar òg om at vi nok ikkje er så  trygge og frie  i Norge som det vi skal vere.

Oppi alt dette er eg uroa for folkehelsa  til ungdommen vår. 

Folkehelseprofilane for 2022 viser nemleg ein heilt ny trend. Barn og unge i Norge rapporterer  at dei er mindre fornøgd, meir einsame og meir bekymra enn dei eldre.  At det er stadig fleire barn og unge som får psykiske helseplager og barn og unge  som mister håpet, er ein stor samfunnsutfordring!

----

Dette er ikkje ein tale der eg skal utmeisle politikken til regjeringa for å komme desse samfunnsutfordringane i møte. Men vi treng hjelp.

I vanskelege tider er kyrkja sitt arbeid enda viktigare enn ellers.

Kyrkja har ei rolle å spele i å gje folk håp.

Tryggheit og håp for dette livet, og håp om frelse.

 

Så er kyrkja  og kyrkjelege fellesskap  òg viktig skal vi klare å skape helsefremmande samfunn,  der unge ikkje mister håpet. 

Alle treng å vere ein del av eit fellesskap.

Regjeringa har styrkt den nye tilskotsordninga for å inkludere barn og unge, slik at ein kan få støtte til ferie- og fritidsaktivitetar, opne møteplassar med meir.

Eg veit ikkje kor mange av de som jobbar i kyrkje lokalt som er klar over det, men denne tilskotsordninga kan kyrkjelydane i Den norske kyrkja også søke på.

For det vil eg seie, Er det noko som eg verkeleg har gledd meg over på mine reiser og kyrkjebesøk dette året eg har vore trus- og livssynsminister, så er det å sjå kor mykje bra som faktisk skjer i og rundt kyrkjene våre for barn og unge. 

Som i Alta , der eg var førre veke, der det myldra av barnefamiliar og ungdom ein vanleg tirsdag.

 

Men eg vil oppmode dykk om å gjere enno meir, om de kan.

For barna,  for ungdomane, for studentane, for dei unge vaksne. 

Og særleg for dei som fell utanfor. Dei med dårleg råd.

Den norske kyrkja kan med alle sine aktive spele ei viktig rolle for unge si tru,

for tilhøyrigheit, inkluderande fellesskap og betre livskvalitet hos barn og unge, og for å gi dei håp.

----

I fjor snakka eg til dykk om regjeringa sin politikk på trussamfunnsfeltet. Om at

  • eg vil arbeide for at kyrkja skal ha føreseielege rammevilkår,
  • at vi ønskjer å sjå nærare på trussamfunnslova når det gjeld dette med kjønnsrepresentasjon i dei administrative organa i trussamfunna,
  • om prosessen med å overføre eigedommar frå Opplysningsvesenets fond til Den norske kyrkja og kva som skal skje med resten av fondet – på kort sikt og på lengre sikt,
  • om 1000-årsjubileet på Stiklestad og at vi som følgje av delinga av fondet skal få til ei storstilt satsing på kyrkjene våre,
  • og om pandemien og kyrkja sin plass i ei krise.

For å nemne noko.

Og eg oppfordra også kyrkja til å vere ei sterkare stemme i samfunnsdebatten.

Kva er stoda etter eit år?

Den økonomiske situasjonen tilseier at vi må kutte i pengebruken på ei rekke område. Løfta i Hurdalsplattforma kan ta noko lengre tid å gjennomføre. Det blir strammare tider for alle. Men de skal vite at det framleis er viktig for meg å arbeide for at kyrkja skal ha føreseielege rammevilkår.

Vi er òg på god veg til å finne berekraftige løysingar for bruk av pengar tilsvarande staten sin del av Opplysningsvesenets fond.

Dette er pengar som de er kjent med skal gå til istandsetjing av kulturhistorisk verdifulle kyrkjebygg.

Riksantikvaren har i samarbeid med Kyrkjerådet og KA dette året jobba med å komme med ei tilråding til Barne- og familiedepartementet og Klima- og miljødepartementet om korleis istandsetjinga skal rullast ut og organiserast.

Tilrådinga skal vere sendt over til departementa innan 1. desember 2022.

Den første delrapporten kom i juni og den legg til grunn at det bør utviklast ein bevaringsstrategi med fleire bevaringsprogram, ut frå alder på kyrkjene. Mellomalderkyrkjene bør få eit eige program, slik at ein kan ivareta dei særskilte utfordringane som desse bygga treng når det kjem til istandsetjing, kunnskap og kompetanse.

Delrapporten understrekar òg at tilgangen på spesialisert kompetanse for istandsetting av dei eldste kyrkjene er avgrensa.

Så her må vi tenke på fleire ting samtidig og få til eit godt samarbeid mellom fellesråda, kommunen, Den norske kyrkja, Riksantikvaren, Storting og regjering.

I tillegg peiker delrapporten på ein ting som verkeleg har slått meg på alle mine reiser rundt i kyrkjene dette året: Kyrkja er også innvendig full av skattar som få veit om, eller som ikkje får like stor merksemd.

Eg tenkjer då på alt frå fantastiske altertavler til imponerande takmaleri – men også kyrkjetekstilane.

Kven har laga alterduken? - har eg begynt å spørje om og  ofte  er folk svar skuldige. Den har gjerne  blitt laga lokalt, ofte av kvinner. Men er fine symbol på håpet, trua og gleda over kyrkja. Så eg er glad for at delrapporten førebels legg til grunn ei tilråding om at kyrkja sitt inventar må omfattast av bevaringsarbeidet.

Tilrådinga frå Riksantikvaren og Den norske kyrkja vil ikkje komme tidsnok til at arbeidet kan starte opp i januar 2023. Det er heller ikkje mogleg i lys av dei budsjettprosessar som finst i både stat og kommune. Men vi skal gjere vårt for at vi så fort som mogleg i 2023 kan presentere ein samla plan som husar både strategiar, bevaringsprogram og finansiering. Eg har tru på at vi no skal få til å sikre kyrkjene våre på ein god måte for framtidige generasjonar.

I Hurdalsplattforma har nettopp steinkyrkjene frå mellomalderen fått ein særskild omtale.

Vi ønskjer at desse skal vere sett i stand til 1000-årsjubileet for slaget på Stiklestad. Som de sikkert har fått med dykk, har eg overtatt ansvaret for dette jubileet.

Det har ikkje gått upåakta hen, og Human-Etisk Forbund uttrykte i sommar bekymring for at dette vil føre til at kristendommen får for stor plass.

Eg meiner det er bra med engasjement rundt markeringa.

Men eg vil vere tydeleg på at jubileet for slaget på Stiklestad skal vere eit jubileum for heile nasjonen. Det er rett og rimeleg at vår kristne kulturhistorie får sin naturlege plass i eit jubileum som markerer ei sentral hending i kristninga av landet vårt. Men vi skal òg feire dette på ein måte som er inkluderande for alle som bur her i landet. Det handlar om kva Norge har vore, kva Norge er og kva Norge skal vere.

I går var eg på Stiklestad og møtte prosjektleiinga for første gong.

Det har gjort meg heilt trygg på at vi skal få til ei storstilt, inkluderande og god jubileumsfeiring – som kan medverke til kunnskap og kompetanse om kulturhistoria vår. For å sikre at jubileumsprosjektet får enno større legitimitet  som eit nasjonalt prosjekt har regjeringa som  intensjon å opprette ein nasjonal komite for jubileet.

----

Etter eitt år er vi også i gong med å sjå på justeringar i trussamfunnslova for å betre kunne sikre demokrati og kjønnsrepresentasjon i dei styrande organa til trussamfunna. Her vil vi skunde oss langsamt, for å seie det på den måten.

Eg er utolmodig etter å sikre likestillinga i trussamfunna, men vi må finne gode og berekraftige løysingar som kan stå seg og som på ein god måte balanserer omsynet til religionsfriheita og det å stille krav til samfunna.

Straumkrisa har vert eit gjennomgangstema heile dette året. Mange fellesråd har bekymra seg for dei høge straumprisane. Og det forstår eg.

Mange har meldt at dei enten må stenge eller redusere aktiviteten for å spare pengar. I vår sendte eg derfor eit brev til alle kommunane, der eg tok opp utfordringa mange kyrkjer har på grunn av dei høge straumprisane.

I brevet minner eg kommunane på det økonomiske ansvaret dei har for kyrkjebygga og peikar på behovet for å finne gode lokale løysingar.

Eg vil igjen understreke at kommunane må så godt dei kan sikre at den kyrkjelege aktiviteten ikkje blir skadelidande av høge straumprisar. Det er prinsipielt viktig.

Då eg stod her i fjor tok eg òg opp dette med pandemien og kyrkja sin plass i ei krise. Det var viktig for meg å gje dykk honnør for det arbeidet de hadde stått – og framleis står – i.

No har eg vert statsråd i eitt år, og eg har ikkje mindre grunn til å rose den innsatsen de gjer. Både gjennom pandemien og no sist med straumkrisa og flyktningsituasjonen, har de imponert meg med handlekraft.

Både lokalt og sentralt har de snudd dykk rundt – for å halde kyrkjene opne.

De har medverka til å sikre religionsfriheita i ei tid der denne lett blir sett på prøve for å sikre andre omsyn.

For alt dette vil eg rette dykk ei stor takk, som eg håpar de vil bringe vidare til alle dei som står på der heime i kyrkjelydane.

Eg vil òg takke for sørgegudstenesta i domkyrkja i Oslo etter barskytinga i juni, og at de hadde ein klar bodskap. Kjærleiken tek aldri slutt. Kjærleiken gir seg ikkje. Og størst er kjærleiken.

----------

Kjære kyrkjemøte.

Eg skal gå inn for landing.

Vi lever i ei tid som ber med seg mykje «eg». Det er vanskeleg å sleppe «eget». Særleg når tida er tung. Men i ei tung tid trur eg det er viktigare enn nokon gong at vi minner kvarandre om at det handlar om «vi». Eg vil avslutte med eit dikt som for meg handlar om fellesskap og håp. Det er skreve for ei anna tid, men eg meiner det er veldig relevant i dag:

Det heiter ikkje: eg – no lenger.

Heretter heiter det: vi.

Eig du lykka så er ho ikkje lenger

berre di.

Alt det som bror din kan ta imot

av lykka di, må du gi.

 

Alt du kan løfte av børa til bror din,

må du ta på deg.

Det er mange ikring deg som frys,

ver du eit bål, strål varme ifrå deg!

Hender finn hender, herd stør herd,

barm slår varmt imot barm.

Det hjelper da litt, nokre få forfrosne

at du er varm!

[«Tung tids tale» av Halldis Moren Vesaas]

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på "Oppdater samtykke". Evt. klikk på "Godta alle cookies" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"