- Det er stort å vere menneske

Det sa preses Olav Fykse Tveit i si preike under Stortinget si opningsgudsteneste i Oslo domkyrkje fredag.

Preses Olav Fykse Tveit i Den norske kyrkja. Foto: Magne Vik Bjarkøy

Kvart år i samband med den høgtidelege opninga av Stortinget, held Oslo domkyrkje ei opningsgudsteneste for stortingsrepresentantane og regjeringa. Den vart heldt fredag 2. oktober, og preses Olav Fykse Tveit stod for preika.

 

Her kan du lese heile preika

Kjære alle sammen

Det er stort å vere menneske. Om ein har fått ei stor oppgåve, slik som mange av de som er samla her, eller har andre oppgåver i livet som ikkje synest like godt eller er like krevjande, så er budskapet til oss alle: Du er menneske – og det er stort. Skapt av Gud – og skapt i Guds bilete, som det heiter i skapingsfortellingane. Det kan og skal vekkje oss til undring, til å vere audmjuke, men også til å aksle det å vere menneske med det ansvaret vi har, slik det så vakkert er formulert i Salme 8 i Bibelen:

Når eg ser din himmel,
eit verk av dine fingrar,
månen og stjernene
som du har sett der,
kva er då eit menneske
at du hugsar på det
eit menneskebarn
at du tek deg av det?

Du sette han lite lågare enn Gud
Og krona han med herlegdom og ære.

Du sette han til herre
over det dine hender har skapt,
småfe og storfe i samla flokk,
dei ville dyra på marka,
fuglane under himmelen
og fiskane i havet,
alt som ferdast på havsens stigar.

Det er stort å vere menneske i Noreg. Vi har mykje å takke for, også for dei oppgåver, plikter og rettar ein har som borgar i Kongeriket. Vi er her for kvarandre, vi er ikkje her berre for oss sjølve. Det kan ein oppleve på mange måtar, og i dag vil eg vil dele ei av mine opplevingar i så måte.

Det vil eg gjere med å fortelle om fiskaren Syver i det gamle fiskeveret Haram, der eg var prest i unge år. Han var komen i pensjonsalderen, og var vel meir hobbyfiskar, får ein seie, der han var ute med sin vesle sjark titt og ofte. Difor hadde han stadig nye fangstar, meir enn han kunne ete, så han delte dei gjerne med andre. I ei kasse bak på mopeden frakta han dei rundt til vener og naboar. Også presten fekk smake av og til.

Ein dag sto han utafor huset vårt, med mopeden og tre fine torsk han ville gi meg. Men noko var annleis. Han var kledd i svart dress, kvit skjorte og slips. Det var ikkje slik han var kledd til vanleg. Det gjekk eit spørsmål raskt gjennom hovudet: Er det ei gravferd i dag eg har gløymt? Eller skulle han melde om eit dødsfall?  Dette var antrekk som stort sett berre var brukt i slike høve. Så eg hadde ein kommentar om at han var så fint kledd.

Eg vart litt beskjemma, og litt bevega, då svaret kom nokså kjapt – stolt og glad: Eg skal gjere mi borgarplikt. Valdagen var ein av dagane for finstasen. Dette var hans plikt og hans rett som borgar i Noreg, og det skulle gjerast med vørnad og stil. 

Eg var vel litt beskjemma over at eg hadde ikkje tenkt på den samanhengen. Og eg hadde nok litt meir uformelt antrekk då eg gjorde mi borgarplikt den dagen.

Men eg var også litt bevega, som ein vert når ein kjenner at det er noko som står på spel. Det var nesten som vi var på heilag grunn. Syver representerte ein respekt for demokratiets grunnform, som også var eit uttrykk for hans eigen sjølvrespekt.

Det var sikkert noko som høyrte til oppdragelsen; ansvaret med å ha ein borgarplikt måtte uttrykkjast på ein høveleg måte.

Syver tilhøyrte også den generasjonen som var vaksen under krigen, og som hadde erfart at det har ikkje alltid vore slik at det var frie valg i Noreg. Dei hugsa kva det innebar at flaggstengene hadde stått nakne på Eidsvoll den 17. mai.

Vi kan beskrive dette ansvaret med ulike ord, religiøse eller sekulære ord, men det er ei sak som er felles: Det handlar om det store å vere menneske.

De som er folkevalde representerer oss alle, folket, og det er folket som styrer landet gjennom dykk. Vi har alle ei stemme, og det er ei plikt og ein rett å bruke ho. Vi skal alle bidra med det vi har og kan, for å byggje eit fellesskap som viser alle menneske respekt, eit fellesskap der vi deler for å skape noko saman.

Slik sett var Syver eit symbol på mangt, i sin mørke dress og på sin moped med nytrekte fiskar i kassa bakpå. Han ville dele det han hadde, han hadde ikkje bruk for meir pengar enn dei han hadde. Han sløste ikkje med tida eller med drivstoffet, og kombinerte fleire oppdrag. Men han hadde noko som var hans plikt, og han hadde noko å dele, og begge deler gjorde han med glede.

Demokratiet er meir enn at vi gir vår stemme på ein valgdag. Det forutset ein kultur, med respekt for kvarandre og for dei som har fått viktige oppgåver. Men det inneber også at vi alle skal ha noko å seie, ikkje minst om det som skjer der vi høyrer til og har vårt liv.

Og det inneber at vi deler når vi har noko å dele. Av meiningar og kritikk, av gleder og sorger. Men det gjeld også våre goder, som  vi kan og skal dele med kvarandre. Dei som har mykje kan og skal dele meir med fellesskapet.

Alt dette høyrer med til det store å vere menneske.

Dette er også Bibelens budskap til oss, uttrykt i bilete og poesi, i bøner og profetiske kritiske ord, i fortellingar om Guds omsorg for oss i kriser og frykt, under alle slags forhold.

Budet om elske Gud og vår neste som oss sjølve er eit uttrykk for at Gud vil oss alle vel. Det må vi realisere på ulike måtar der vi er og i den tida vi er.

Etter at 2. verdskrigen enda for 75 år siden, var det mange nye tiltak som uttrykte eit «aldri meir». Aldri meir slik forakt for menneskeverdet som ein krig med uendelege, meinigslause tap av liv. Aldri meir rasisme og diskriminering som kunne føre til det verste folkemord i verdshistoria – slik som det skjedde med jødane, også norske statsborgarar. Aldri meir øydelegging av byar og åtak på sivile, enten det var såkalla ordinære bomber eller masse-øydeleggingsvåpen. Det vart sett i verk nye tiltak for å skape fred, varig fred, i samarbeid mellom nasjonar, og i erklæringar om alle menneske sine rettar, uansett når og kvar dei lever.

Sett frå kyrkjene si side, fekk trua på at vi alle var skapte i Guds bilete eit nytt og varig uttrykk i slike tekstar. Og dei har inspirert til samarbeid over grenser mellom kyrkjer og folk, i møte med menneske frå ulike religionar og kulturar. Det vart også ei drivkraft i felles kamp mot rasisme og for fred og rettferd.

Det er mykje som har vorte betre i vår verd dei siste tiåra. Det er lett å gløyme når vi stadig blir minna om at ikkje alt vart  slik ein håpte. Det er mykje vi håpar skal forandrast i vår tid, ikkje minst i forholdet til miljøet og naturen vi alle er avhengige av.

Vi veit også at kristendommen ikkje alltid har vore brukt til å fremme rettferd og fred, og vern om skaparverket. Den kan, som alt anna, bli misbrukt. Det ser vi også tydeleg i dagens verd.

Men Bibelens ord minner oss igjen om at det er ein himmel over alt vi driv med som menneske, at vi har eit gudgitt kall til å forvalte og ta vare på alt vi har ansvar for.

Det har vore kyrkja si oppgåve å halde det fram - i meir enn tusen år her til lands. Fiskaren Syver var næraste nabo til den gamle kyrkjegarden på Haram, der det vart bygd ei stavkyrkje alt på 1100-talet. Tidleg på 1800-talet bygde folket i Haram ei ny og større kyrkje ein annan stad på øya, nærare der mange budde då. Det var den tids form for kyrkjeskatt og fellesskapets ansvar for kyrkjene. Nokre av benkane luktar framleis av tjøre, det var ombruk av materiale frå gamlekyrkja.

Generasjonar før Syver hadde levd der mellom nausta, kyrkja og kyrkjegarden, mellom sjøen og fjella. Der hadde dei levd av det naturen kunne bringe fram, enten det var jorda eller havet, med alt som gjev næring til kropp, sjel og ånd. Nokon av desse samanhengane og verdiane står på spel i vår tid, kanskje er det meir kritisk enn nokon gong før.

Det er ikkje alt Stortinget drøftar som ein får med seg like godt. Det var ei spesiell oppleving å lytte til Stortinget då de i vår vedtok ei ny trus- og livsynssamfunnslov. Det var ei stadfesting av at denne tusenårige tradisjonen med ei folkekyrkje som er tilstades ovar alt, er noko som vi har og som vi vil ha, med støtte frå felles ressursar i Noreg, og at dette skal gjerast på dei premissane for religionsfridom som vi er forplikta på med lik støtte til alle.

I ein global horisont er det eit unikt uttrykk for å sikre ein aktiv og støttande religionspolitikk i eit demokrati. Det var ein dag å vere stolt over å vere norsk. Det var også ein dag som forpliktar Den norske kyrkja og alle trus- og livssynssamfunn til å bidra til vårt felles liv, med respekt for kvarandre og det som er ulikt mellom oss.

Den norske kyrkja har si oppgåve i å bidra til at vi har eit slikt fellesskap i Noreg. Vi skal bidra til ei relevant vurdering av kva oppdraget med å vere gode forvaltarar inneber i vår tid.

I kyrkjene ber vi for alle som har fått makt og ansvar mellom oss, at de kan gjere det med klokskap, til nytte for oss alle. Vi deler ansvaret for den eine menneskeslekta som vi alle er del av, og som ikkje er avgrensa av landegrenser. Heller ikkje i pandemiens tid, ja, i alle fall ikkje då.

Måtte vi få evne og vilje til saman å halde fram det store ved å vere menneske, med våre rettar og våre plikter. Dei skal vi fylle til gagn for andre menneske

og til ære for Gud, vår skapar Skapar, Frelsar og Livgjevar; Fader, Son og Heilage Ande, som var, er, og vere skal, ein sann Gud frå æve og til æve.

Amen

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"