– Tid for å be om fred

– No er det er verkeleg tid for å be om fred, og mange kyrkjer vil vere opne for å be, ettertanke og lystenning, skriv preses Olav Fykse Tveit om krigen i Ukraina.

Når vi denne helga samlast til gudstenester, fyller bileta frå krigen i Ukraina oss. No er det er verkeleg tid for å be om fred, og mange kyrkjer vil vere opne for å be, ettertanke og lystenning. Ei påminning om at lyset er sterkare enn mørkret.

Det russiske angrepet på Ukraina er forkasteleg. Det er eit brot på folkeretten og eit alvorleg slag mot den fredstilstand som har vore etablert i Europa etter andre verdskrigen. Krigshandlingane må stoppast umiddelbart, og forhandlingar må overta for stridsvogner og rakettar.

No gjeld det å be for fred, for ein rettferdig fred. Vi kan ikkje be om fred utan å fordømme den urett som no skjer. Vi ber om at alle som har makt til å stoppe krigen, gjer det.

Grunnlaget for varig fred for Ukraina og for alle land er rettferd, respekt for folkeretten, vern om sivilsamfunn og menneskeliv. Forsoning og samhald på tvers av grenser og mellom nasjonar og folk trengst som aldri før. Denne krigen kjem på toppen av ein pandemi som har sett solidaritet, samhald og rettferd på alvorleg prøve i heile verda.

Vi trur at kjærleiken er den kraft som Gud gir oss til å ta oppgjer med det som er urett og til å leve saman i rettferd, i rett ferd og på rett vis, med kvarandre. Kjærleiken kan opne vegar mot forsoning og fred, og kyrkja må alltid vere villig til å gå opp dei vegane.

Det er tid for å vise solidaritet. Det er alltid dei mest sårbare som lir mest under krig: Barn og unge, kvinner, eldre, sjuke og fattige. Vårt fokus må vere på menneska som lir, dei som er skada, dei som er redde, dei som flyktar for livet, dei som opplever at livet vert rive i stykkar. Vi tenkjer også spesielt på dei som bur her i Noreg og som er redde, som har sine røter eller familie i Ukraina eller Russland.

Som enkeltpersonar og kyrkjelydar kan vi støtte det humanitære arbeidet i Ukraina og nabolanda, gjennom til dømes Kirkens Nødhjelp, og førebu oss på ta imot flyktningar om dei kjem til vårt land.

Fastetida startar i år med denne tragedien. Faste er tid for bøn. Bøn om rettferdig fred. For alle menneske. For heile Guds skaparverk.

Kyrie Eleison – Herre, miskunna deg!

Olav Fykse Tveit, preses i Den norske kyrkja. Innlegget stod først publisert på nettavisa til Vårt land.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på "Oppdater samtykke". Evt. klikk på "Godta alle cookies" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"