Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Prosjektmidlar til rekruttering

Hausten 2019 lyste Kyrkjerådet ut rekrutteringsmidlar for 2020. Då søknadsfristen gjekk ut 20. september hadde det kome inn 45 søknader på til saman kr. 5 260 742. Søknadene kjem frå avsendarar rundt om i heile landet, mellom anna frå sokneråd, fellesråd, prosti, studiestader og organisasjonar.

- Fersk forskning stadfestar at rekruttering til kyrkjelege stillingar ofte skjer lokalt, og at nære relasjonar har innverknad på yrkesvalet. Difor er vi særleg glade for å merke det aukande engasjementet og bevisstheita i sokn, prosti, fellesråd og organisasjonar lokalt, seier Kyrkjerådets direktør, Ingrid Vad Nilsen. Ho peikar også på at fleire studiestader og landsdekkande organisasjonar har søkt midlar.

– Dei hentar fram nye nøklar for å gjere ungdommar kjent med kjerneinnhaldet i den unike yrkespraksisen som finst i kyrkja. Fleire av prosjekta bygger bru til lokalt arbeid, slik at ungdommar og studentar blir godt rusta til å møte kvardagen, og søndagane, slik dei utartar seg innanfor ulike kyrkjelege profesjonar.

                             
Til saman 13 prosjekt får støtte frå rekrutteringsprosjektet i Den norske kyrkja i 2020. Dette kjenneteiknar tiltaka som får støtte:

  1. Tiltak som bidreg til lokalt rekrutteringsarbeid
  2. Tiltak som bidreg til at fleire unge får ta del i kyrkjefaglege profesjonspraksisar
  3. Tiltak som tilfører noko nytt til rekrutteringsarbeidet i Den norske kyrkja

Eit av prosjekta som får støtte i 2020 er det Bø kyrkjelege fellesråd som står bak. Prosjektet knyter saman korarbeid, orgelundervisning og trusopplæring på ein ny måte, og i dette prosjektet får borna tidleg opplæring i å vere medliturgar.

Stolte mottakarar og imponert sjef
Kyrkjeverje Martin Stærk gir dei to kyrkjemusikarane Grete Hasselgård Sele og Rolf Axelsen Lie ein stor del av æra for prosjektet.
– Eg er imponert over det Grete og Rolf har bygd opp gjennom korskulen, seier kyrkjeverja.

Rolf sjølv, ein tydeleg glad og overraska organist, tek imot beskjeden per telefon.
– Dette var fantastisk! Kollega Grete er ikkje langt unna telefonen, og legg til:

- Dette gjer det mogleg å realisere eit prosjekt vi har tenkt på lenge. Når vi spør henne kva det betyr for dei å få støtte til rekrutteringsarbeidet, seier Grete:
- Det gjer jo at vi kjenner oss sett og forstått, og så blir vi litt stolte. Dette var moro!


Her finn du oversikt over dei prosjekta som tek imot støtte for 2020:

  • Bø kyrkjelege fellesråd
    • Orgelklubb i korskole 2020
      • 80 000 kr
  • Foss videregående skole
    • Øvingsorgel til Foss videregående skole
      • 77 000 kr
  • Haslum menighet
    • Barn som medliturger
      • 42 000 kr
  • Haugesund kirkelige fellesråd
    • Ung stab 2020
      • 100 000 kr
  • Holmlia menighet
    • Fra Holmlia til Egypt - lokal, regional og global forankring
      • 60 000 kr
  • MF vitenskapelig høgskole og Norges KFUK/KFUM
    • Teologileir
      • 180 000 kr
  • NLA Høgskolen
    • Kurs i rytmisk kirkemusikk
      • 100 000 kr
  • Norges musikkhøgskole
    • Orgelstudenter møter orgelelever
      • 50 000 kr
  • Orgelklubben i Møre
    • Orgelklubben mot nye høyder
      • 50 000 kr
  • Storsalen menighet
    • Teologistudenter møter prester
      • 70 000 kr
  • Strinda/Byåsen/Heimdal prosti
    • Vær deg selv - Stå opp for andre
      • 50 000 kr
  • Utdanningsinstitusjonene på kirkemusikkfeltet
    • Konsultasjon om samordning og utvikling av søknadsprosedyrer og opptaksprøver med mer
      • 40 000 kr
  • VID vitenskapelig høgskole
    • Ungdom rekrutterer ungdom
      • 100 000 kr

 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"