Trygg nyttårsfeiring i kyrkja

Den norske kyrkja har kontakt med politiet som melder at kyrkja sine nyttårsarrangement kan gå som planlagt.

Mange kyrkjer inviterer til feiring nyttårsaftan og første nyttårsdag (foto Ole Henrik Kongsvik / Den norske kyrkja).

I ei oppdatert trusselvurdering, peikar Politiets sikkerhetstjeneste (PST) på at kyrkjer og kristne forsamlingshus framstår som aktualiserte terrormål i Europa.

Dei understrekar at det ikkje ligg føre konkrete truslar mot Noreg, og at det er trygt å feire nyttår i kyrkja. 

Den norske kyrkja på nasjonalt nivå har jamnleg kontant med PST, seinast nyttårsaftan. Tilbakemeldinga frå PST er at kyrkja sine arrangement kan gå som planlagt.

– Mange stader inviterer kyrkja til gudsteneste nyttårsaftan og nyttårsdag for å markere det nye året, seier kyrkjerådsdirektør Ingrid Vad Nilsen. 

skjerikyrkja.no kan du velje kommune og finne ei gudsteneste der du er. 

– Alle arrangement kan gå som planlagt, og vi kan ynskje velkomen til nyttårsfeiring i kyrkja, seier kyrkjerådsdirektøren. 

Politiet vil kontakte kyrkja dersom dei meiner det er grunn til at kyrkja må ta spesielle omsyn.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"