Bli med på TV-aksjonen 2022

Søndag 23. oktober går TV-aksjonen av stabelen. I år samlar aksjonen inn pengar til Leger Uten Grenser for å gje medisinsk behandling til dei som treng det mest. Bli med som bøsseberar, gje pengar eller be for arbeidet.

Akkurat no ventar millionar av menneske på legebehandling. For mange står det om livet, men tilgang til helsehjelp er inga sjølvfølgje. I år går TV-aksjonen til å førebyggje og behandle sjukdommar som rammar menneske på tvers av landegrenser, uavhengig av etnisitet, religion, alder og kjønn. 

TV-aksjonen på søndag går til Leger Uten Grenser. Dei innsamla midlane skal gje medisinsk behandling til dei som treng det mest. Saman reddar vi liv! 

Trykk her for gå til blimed.no og melde deg som bøsseberar i TV-aksjonen.

TV-aksjonen i år skal bidra til å førebyggje epidemiar og behandling av kjente og ukjente sjukdommar i fire land: Bangladesh, Dentralafrikanske republikk, Den demokratiske republikken Kongo og Sierra Lone. Midlane går til vaksinar, medisinar og legebehandling. 

Bøn for dagen

I tillegg til å gje pengar og vere med som bøsseberar, kan du vere med å be for aksjonen. Du kan til dømes skrive ei bøn eller tenne eit lys på kyrkja sin digitale bønevegg. Du kan også vere med å be denne bøna. På gudstenester i heile landet vil kyrkjelydar be denne: 

Gud, du som skapte oss til fellesskap med deg og med kvarandre.   
Du som vart fødd slik vi vert fødde,
du som døydde slik vi døyr,  
og stod opp slik vi skal stå opp: 

Gje kraft og mot til alle som gjev helsehjelp i krig og konfliktsonar,  
til alle som rykkjer ut etter naturkatastrofer, 
til alle som arbeider blant menneske på flukt, 
til alle som snakkar ut og varslar.  

Du vår skaper, frigjerar og livgjevar, vi ber for Leger uten grenser.  
Lat deira arbeid styrke oss alle i håpet om at kjærleiken er sterkare enn døden. 

Amen.  

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"