Liturgiar på ukrainsk

Kyrkja sin gudstenesteliturgi er no omsett til ukrainsk. – Med denne omsetjinga kan ukrainske flyktningar forstå orda i gudstenesta, seier preses Olav Fykse Tveit.

Fleire stader i landet har det kome flyktningar frå krigen i Ukraina. Mange av dei ankomne flyktningane er kristne ukrainarar som ynskjer å kome inn i kyrkja og nokon av dei vil delta på gudstenester.

– Vi har no omsett kyrkja sin liturgi til ukrainsk, seier Olav Fykse Tveit som er preses i Den norske kyrkja. 

Liturgien er den faste ramma på dei ulike delane i ei gudsteneste. 

– Med denne omsetjinga kan ukrainske flyktningar forstå orda i gudstenesta. Kyrkja er alltid open for alle, men dette er viktig å ha når ukrainske flyktningar skal busetjast i Noreg, avsluttar Fykse Tveit. 

Det siste året har det også blitt jobba med å omsetje liturgi for dåp, vigsel, gravferd og hovudgudstenesta til engelsk, spansk og tysk. Liturgiane kan nyttast i seremoniar på andre språk – eller for at dei som ikkje kan norsk kan følge med. Desse omsetjingane er også klare til bruk.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"