- Aukande ulikskap må få meir merksemd

Aukande ulikskap, ekstrem overflod, marginalisering og fattigdom utfordrar menneske si gudgitte likeverd og visjonen om eit samfunn der alle kan leve i tryggleik, meiner Bispemøtet.

På Bispemøtet 9.-13. februar har biskpane hatt utviklinga av "forskjells-Norge" som tema. Fredag 13. februar kom Bispemøtet med ei utsegn der dei ser alvorleg på den aukande ulikskapen i samfunnet vårt, som fører til at mange fell utanfor.

- Saman har vi ansvar for å halde fram med utviklinga av eit samfunn som inkluderer alle. Våre politiske folkevalde lokalt, regionalt og nasjonalt har eit særleg ansvar for å leie denne prosessen. Kyrkja har også eit ansvar, skriv Bispemøtet.

Biskopane er tilfreds med at regjeringa har trekt forslaget om å forby tigging, og ber samstundes kommunane om å la vere å vedta eit lokalt tiggarforbod.

- Bispemøtet meiner at den aukande ulikskapen må få monalag større merksemd, bli drøfta i ein brei, samfunnsmessig kontekst og føre til handling. Vi vil halde fram med å delta i dette arbeidet, står det i utsegna.