Ungdommens kyrkjemøte er i gang!

Under overskrifta «Relasjon og tilhøyre» samlast unge frå heile landet samlast i Nidaros for å drøfte viktige saker for ungdom og kyrkja.

– Velkomen heim til Ungdommens kyrkjemøte, seier leiar i Den norske kyrkja sitt utval for ungdomsspørsmål (Ufung) og Stjørdaling, Silje Smørvik i dag.

Ho kallar det «heim», fordi ho føler at ho har invitert heile Ungdommens kyrkjemøte (UKM) heim til Stjørdal: – Det er i denne kommunen eg har vekst opp i, og eg føler at eg har invitert alle heim, fordi UKM for meg faktisk kjenst som ei trygg nok hamn til å kalle “heim”.

Debattklima: – Er vi som kristne forplikta til å sei ifrå?

Salen på Scandic Hell, som Silje Smørvik ynskjer velkomen til, er fylt med over femti unge menneske som er samla til diskusjonar og val denne langhelga.

Kvart år vert ei sak valt som fokussak, som i år er debattklima. – Mange opplev at klimaet i den offentlege debatten og i kommentarfelt på nett blir hardare og meir polarisert, heiter det i innleiinga til årets fokussak.

Innleiinga held fram: – Som kristne trur vi på ein Gud som seier: Det de gjorde mot éin av disse mine minste sysken, har de gjort mot meg (Matt 25.40). Er vi som kristne forplikta til å sei ifrå når debatten sporar av i hets, sjikane og personangrep? Kan ungdomsdemokratiet i Den norske kyrkja leggje til rette for at dette skjer i kyrkja?

Silje Smørvik ser fram til å jobbe med årets fokussak. Ho seier: – Vi ser fleire store debattar som går no, og det å diskutere korleis vi skal nærme oss kvarandre blir ei spennande øving på UKM.

Både det kyrkjelege ungdomsdemokratiet ved ungdomsting og ungdomsråd i bispedøma, og dei kristne barne- og ungdomsorganisasjonane i kyrkja er utfordra til å arbeide med debattklima-saken gjennom året som har vore.

Ei styrke å samlast

Ungdommens kyrkjemøte (UKM) har vore arrangert i over 25 år. I løpet av denne langhelga skal åtte saker handsamast, mellom anna alkohol og rus, ung frivilligheit og krysskulturelle born og unge.

– Det er godt og viktig å samlast til UKM, også i ei ganske spesiell tid. Eg gler meg til å kunne jobbe godt saman, med dei sakene vi har på sakslista i år. Det er ei styrke for den demokratiske prosessen at vi kan vere saman no, seier leiar i Ufung, Silje Smørvik.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"