Ynskjer borna frå Moria velkomne

– Menneske på flukt er eit felles ansvar, seier biskop Jan Otto Myrseth. Måndag denne veka deltok han i markering utanfor Stortinget saman med biskop Kari Veiteberg.

– Når eit av våre medmenneske lir, så lir vi og, seier biskop i Oslo Kari Veiteberg. – Eg freistar å minne om at når vi ser eit menneske, så ser vi ei søster eller ein bror. Solidaritet er eit ord mange brukar, i kyrkja snakkar vi og om nestekjærleik.

Måndag arrangerte ei rekkje organisasjonar ei markering utanfor Stortinget, som vart sendt digitalt på Facebook-sida Evakuer barna frå Moria nå. Biskop i Oslo Kari Veiteberg og biskop i Tunsberg Jan Otto Myrseth deltok med appell, før Stortinget på tysdag skal ta stilling til om Noreg skal vere med på ein EU-aksjon med å relokalisere mindreårige flyktningborn.

Biskop i Tunsberg Jan Otto Myrseth seier at menneske på flukt er eit felles ansvar. – Som kristne må vi stå opp for dei svakaste i verda, og koronapandemien understrekar kor sårbare vi menneske er, og viser kor avhengige vi er av kvarandre.

Klare for å ta imot

Over hundre kommunar over heile landet har oppfordra regjeringa til å delta i aksjonen med å relokalisere mindreårige flyktningborn. Tunsberg-biskop Jan Otto Myrseth meiner det er eit tydeleg signal til dei folkevalde, og ei utfordring til lokalkyrkja: – Kyrkja stilte opp saman med lokale krefter då det kom mange flyktningar til Noreg i 2015, og eg håper vi kan gjenta dette denne gongen også.

Oslo-biskop Kari Veiteberg seier at mange av kyrkjene hennar bispedømme vil bidra: – Kyrkjelydar er klar til å vere med på denne dugnaden, med guiding, leksehjelp og språkkafé. Vi vil bidra til gode og hjartevarme nabolag. 

– Det hastar!

I mars stilte biskopane seg bak den økumeniske oppfordringa frå kyrkjeleiarar i Norden, og i april uttalte kyrkjeleiarane i Noreg at det hastar med å hente borna som bur i Morialeiren, i uttalalelsen Det hastar!

På markeringa utanfor Stortinget deltok tidlegare og noverande politikarar, tidlegare ministarar, biskopar og representantar frå humanitære organisasjonar. Markeringa er støtta av ei rekkje organisasjonar, mellom anna Redd borna, Røde kors, Norsk folkehjelp, NOAS, Amnesty, Dråpen i havet og Lightup Norway.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"