Kyrkja på Arendalsveka

Det blir gode samtalar og spanande debattar på Kyrkjeskipet under Arendalsveka i august.

Som tidlegare år er Den norske kyrkja tilstades på Arendalsveka for å delta i den offentlege samtalen og bringe på bane tema som opptek mange av kyrkja sine medlemmer. I år som i 2019 er det seilskuta Fryden som er sjølve Kyrkjeskipet. Nytt av året er at skonnerten Aida ligg langsmed ripa og fungerer som scene.

På grunn av koronarestriksjonar er det ikkje plass til like mange som før på skipet, men om ein ikkje skulle får plass blir alt som skjer på skipet vist på skjerm i eit kafételt utanfor Trefoldighetskyrkja.

 

Tangen og Tveit om verdiar
Tirsdag morgon 17. august møter preses Olav Fykse Tveit oljefondsjefen Nicolai Tangen under overskrifta «Kva verdiar treng vi?», ein samtale om økonomiske og immaterielle verdiar, og korleis ein kan forvalte båe på ein god måte.

 

Kyrkja si rolle
På fleire av arrangementene inviterer kyrkja til samtale om tru og livssyn si rolle i det offentlege rom, og kva plass kyrkja kan ha og fylle i samfunnet etter korona. Onsdag 18. august arrangerer Den norske kyrkja i samarbeid med Noregs Kristne Råd ei samtale om Hans Nielsen Hauge si innvirkning på norsk næringsliv og kva i Haugearven vi kan ta med oss internasjonalt. Den same dagen samarbeider kyrkja med KFUK-KFUM om programposten: «Helt ærlig: om et livssynsåpent samfunn». Helt Ærlig er eit dialogkonsept frå KFUK-KFUM Norge, utarbeidd av ungdom i Bøler kyrkje, med stønad frå Oslo bispedøme, Kyrkjerådet og KFUK-KFUM. Torsdag 19. august arrangerer Den norske kyrkja og KA i lag ein samtale om kyrkja si rolle i beredskaps- og krisearbeid.

 

Unik arena
Arendalsveka er ein unik arena for samtale og dialog om kyrkja si rolle i samfunnet, og til å vise kva kyrkja er oppteken av. Saman med andre samfunnsaktørar viser vi at vi har ei stemme som kan vere verdt å lytte til.

Alle samtalar og debattar som Den norske kyrkja arrangerer på Arendalsveka blir strøyma på Den norske kyrkja sin YouTubekanal og Facebooksider.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på "Oppdater samtykke". Evt. klikk på "Godta alle cookies" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"