Dåp uansett alder i vidopne kyrkjerom

«Heilt enkelt, like stort» vert det sagt om drop-in-dåp, open dåpsdag eller dåpsfest. Frå pinsa 2023 og to veker inn i juni, vert det no planlagt nasjonal merksemd om dåp – uansett alder. Bli med på å arrangere opne dåpsdagar neste vår, ta dette inn i planarbeidet allereie no.

Inviter til drop-in-dåp i din kyrkjelyd i pinsa neste vår! Foto: Malin Longva / Den norske kyrkja

Fleire kyrkjelydar har gode erfaringar med å invitere til open dåpsdag. Her kan dei som ynskjer droppe innom, gjennomføre dåpssamtale og verte døypt.

Ein av dei som har erfaringar med drop-in-dåp er Fredrikstad domkyrkje, og sokneprest Endre Fyllingsnes fortel om gode tilbakemeldingar på dagen.

– Fleire barn av ikkje-medlemmer vart døypte, og dei vaksne i dåpsfølgjet fortalde etterpå at det gjorde eit uutsletteleg inntrykk å vere med på dette. Dei frivillige som hjelpte til sa at dette var den mest meiningsfulle dagen dei hadde hatt i kyrkja.

Nasjonal aksjon

Frå pinsa i 2023 og to veker inn i juni er det no planlagt ein periode med nasjonal merksemd om drop-in-dåp, som eit supplement til dåp i høgmesse.

– Vi vonar at så mange kyrkjer som mogeleg opnar for fleksible tidspunkt i desse to vekene neste vår, seier kyrkjerådsdirektør Ingrid Vad Nilsen

– På den måten får vi optimal effekt av den nasjonale og lokale marknadsføringa i fleire kanalar.

Det er perioden 27. mai til 11. juni som er sett av til å gjennomføre dåpsdagar. Vad Nilsen oppmodar til å ta dette med i planlegging av arbeidet for vårsemesteret 2023.

– Meir informasjon om aksjonen vil kome, og allereie no ligg det mykje materiell om dåpsformen i ressursbanken.no.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"