Lukke til, morgondagens kollega!

Førre veke starta studentar over heile landet opp med studiane for hausten. Kyrkja gler seg til å få nyutdanna søkjarar til stillingar om nokre år, og gjennom ein kampanje ynskjer kyrkja de lukke til.

Diakon klar til teneste, etter vigsling av biskopen. (Foto: Per Eide)

Kampanjen, som går i fem veker rundt studiestart, har bodskapen «Tett på livet – alltid», «Nært på livet. Hele livet» og «Helt nært, hele livet» med bilete av ein kateket, diakon eller ein prest. Små filmsnuttar har teksta «Lykke til med studiestart! Kanskje blir vi kolleger en dag? Jobb i kirken» og «En jobb nært på hele livet. Jobb i kirken.»

Kanalane som vi nyttar, er Snapchat og display (annonser på ulike nettstader). Dei digitale annonsane leiar til jobbikyrkja.no, og dei som blir eksponerte for dei, er i alderen 18-25 år og med interesse for kyrkje/kultur/utdanning. Kampanjen skal ikkje berre ønske nye studentar lukke til med studia, men har òg som mål å syne at kyrkja er ein god arbeidsplass.

No, knapt to veker uti kampanjen, er resultata allereie gode, med over 200 000 visningar og 650 klikk på annonsane på display. På Snapchat har kampanjen ei dekning på 50 prosent i målgruppa.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"