Takk for innspel!

Frå februar til november i 2020 var det mogeleg å sende inn innspel rett til hovudutvalet, via innspelskanalen på nettsida. Desse blir tatt med i utvalet sitt arbeid med ny organisering av kyrkja.

Takk for innspel!

Over 60 innspel var kome inn gjennom innspelskanalen, då den vart stengt 20. november. Innspela er frå 53 enkeltpersonar, sokn, kyrkjelege fellesråd og styrer knytt til kyrkjeverjelaget. Innhaldet i innspela varierer mellom fleire ulike tema:

  • Ei/to arbeidsgjevarlinjer
  • Prostifellesrådet
  • Leiing og leiarar
  • Rolla til biskopen
  • Kyrkja sin relasjon til kommunen 
  • Valordning
  • Personvern
  • Rekruttering
  • Gjennomføring av implementering av ny ordning 
  • Er det nødvendig med endring?

Medan nokre av innspela var korte og avgreinsa til eitt tema, var det fleire av innspela som omhandla fleire av tema. Prosjektleiinga takkar for mange gode og grundige innspel som blir teke med i arbeidet vidare.

Hovudutvalet skal levere sin rapport til Kyrkjerådet i februrar 2021. Etter dette har Kyrkjerådet planlagt å sende saka på høyring i heile kyrkja, slik at både sokneråd, fellesråd, bispedømmeråd og andre kan vere med på å gje innspel til forslaget. 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"