Kyrkjeleg fellesråd

Det er soknerådet som opptrer på vegner av soknet dersom ikkje anna kjem tydeleg fram i lova eller har heimel i lova. I kyrkjelova § 14 er det slått fast at kyrkjelydane gjennom fellesrådet skal samarbeide om visse oppgåver( innanfor kommunen). Dette gjeld:

  • Administrative og økonomiske oppgåver, t.d. koordineringa av budsjettarbeidet på vegner av kyrkjelydane.
  • Mål og planar for den kyrkjelege verksemda i kommunen. I dette ligg det bl a å koordinere planane kyrkjelydane har for si verksemd, og å sjå dette i høve til tilgjengelege ressursar.
  • Arbeidsgivaransvar (tilsetjingar, ledelse, arbeidsmiljø, stillingomtalar osb.)
  • Fremje samarbeid mellom sokna og ivareta ansvaret sokna har overfor kommunen.

Fellesrådet legg tilhøva til rette og hjelper til med å organisere arbeidet i kyrkja lokalt på ein best mogleg måte. Fellesrådet har på mange område fått fullmakt til å gjere sjølvstendige vedtak på vegner av sokna. Det vil utfordre sokna til samarbeid og kompromissløysingar. Fellesrådet vil vidare vere viktig som talerøyr for den felles strategien i kyrkjelydane, og for prioriteringar og økonomi overfor kommunen. 
Kyrkjelova § 14 gir desse konkrete oppgåvene til fellesrådet:

  • Bygging, drift og vedlikehald av kyrkjer, kyrkjeinventar og gravplassar. 
  • Framskaffing og drift av kyrkjelyds- og prestekontor.
  • Framskaffing av lokale, utstyr og materiell til konfirmasjonsopplæring, også tilrettelegging for funksjonshemma
  • Forvaltning av arbeidsgivaransvaret gjennom å 
    • opprette/nedleggje stillingar
    • tilsette/seie opp arbeidstakarar
    • ivareta partsansvar (inngå og seie opp tariffavtalar)
    • ledelse og arbeidsmiljø
    • utøve styringsrett over felles ressursar. 
  • Forvaltninga av den felles økonomien
    • midlar frå kommunen
    • midlar/tilskot frå staten
    • tilskot frå bispedømerådet
    • midlar som sokneråda overlet til fellesrådet
    • inntekter og formue knytta til fond gaver, arv mv til kirkebygg, stillingar osb. 
  • Administrativ hjelp for prosten når staten gir tilskot til det.

Fellesrådet skal og godkjenne at eit sokneråd opprettar stillingar på innsamla midlar. Fellesrådet skal mellom anna vurdere om soknerådet har økonomisk evne til å bære dei framtidige lønnsutgiftane til stillinga. Godkjenning innebærer ikkje at fellesrådet tar på seg noko finansielt ansvar eller arbeidsgjeveransvar for stillinga. Soknerådet vil i utgangspunktet fullt ut ta på seg pliktane som følgjer med det å vere arbeidsgjevar. 

Fellesrådet kan gi soknerådet fullmakt til tilsetjing og andre arbeidsgjevarfunksjonar. Dette vil særleg vere aktuelt i store fellesråd med store sokn, og der det er ein eigen dagleg leiar i soknet. I mange kommunar er det berre eitt sokneråd og dermed ikkje noko fellesråd. Då må det ansvaret og dei oppgåvene som lova legg til fellesrådet, bli teke hand om av soknerådet. Det inneber at det blir det same organet som representerer soknet både i spørsmål knytta til kristeleg verksemd og spørsmål knytta til økonomi, arbeidsgivaransvar og administrasjon. (Når soknerådet behandlar oppgåver som etter lova ligg til fellesrådet, tiltrer det kommuneoppnemnde medlemmet rådet.)

Det skal vere ein dagleg leiar (kyrkjeverje) for verksemda i fellesrådet, og også for verksemda i soknerådet der soknerådet tek hand om funksjonane til fellesrådet. Utgifter til stilling som dagleg leiar for fellesrådet inngår i det økonomiske ansvaret kommunen har. Lova seier ingenting om storleiken på stillinga. Dei aller fleste fellesråda kallar stillinga for «kyrkjeverje». 

Ei opplisting av oppgåver eit fellesråd må ivareta, i tillegg til oppgåvene nemnde i kyrkjelova § 14, ser slik ut:

  • Opprette og gi fullmakt til partssamansette utval, kl § 35
  • Gi fullmakt til sokneråd, kl § 14
  • Vedta økonomireglement for sokneråd
  • Vedta kyrkjegardsvedtekter som skal godkjennast av bispedømerådet, kl § 21
  • Vedta planar for kyrkjeleg verksemd i kommunen, kl § 14
  • Tilsetje kyrkjeverje og eventuelt andre medarbeidarar, kl § 13
  • Vedta utleiesatsar for kyrkja, kl § 20
  • Gjere framlegg om avgifter for bruk av gravkapell, kremasjon og feste av grav, som skal fastsetjast av kommunen, kl § 21.


Kven sit i fellesrådet?

Fellesrådet er kyrkjelyden sitt organ på den måten at medlemmene av fellesrådet blir valde av og blant dei som er valde til medlemmer av dei einskilde sokneråda, kl § 12. Det er altså ikkje direkte val til fellesråd. Det er talet på sokneråd i kommunen som avgjer talet på medlemmer i fellesrådet. Er det frå to til fire sokneråd, er det to medlemmer frå kvart sokneråd som blir valde. Er det fem eller fleire sokneråd i kommunen, veljer ein ein medlem frå kvart sokneråd. Det er medlemmer og ikkje varamedlemmer av soknerådet som kan veljast til fellesrådet. Føremålet med ein slik representasjon er å sikre at fellesrådsmedlemmene har god kontakt og godt innblikk i soknerådsarbeidet, men det er likevel ikkje slik at soknerådet kan binde sine representantar i fellesrådet.

I tillegg er det lovbestemt at prosten eller ein annan prest oppnemnd av biskopen er medlem av fellesrådet. 

Kommunestyret oppnemner óg ein medlem til kyrkjeleg fellesråd. Han eller ho må være medlem av Den norske kyrkja. Representanten blir vald for same perioden som kommunestyret, dvs. at representanten vil kunne bli skifta ut midt i fellesrådsperioden. 

Medlemmene blir valde for fire år. Funksjonsperioden i rådet tek til 1. desember. Medlemmene må vere valde så tidleg at det konstituerande møtet i fellesrådet kan haldast innan utgangen av november i valåret. Nærare reglar om val av kyrkjeleg fellesråd er fastsett av Kyrkjemøtet.