Høyring om regulering av styringstenesta i Den norske kyrkja i kyrkjeordninga og av tilhøvet mellom prestetenesta og verksemda til soknerådet mv.

Høyring om regulering av styringstenesta i Den norske kyrkja i kyrkjeordninga og av tilhøvet mellom prestetenesta og verksemda til soknerådet mv.

Kyrkjerådet sender på høyring to saker som er oppfølging av tidlegare vedtak i Kyrkjemøtet i 2023 og 2024. 

Den første saka gjeld forslag om ein ny paragraf i kyrkjeordninga for Den norske kyrkja. Paragrafen vil stadfeste:    

  1. kyrkjelege verv som ei eiga styringsteneste i kyrkja og 
  2. «samvirkeprinsippet», om kyrkjelege styringsorgan som eit samvirke mellom valde representantar for kyrkjelyden og tenesta med Ord og sakrament. 

Den andre saka handlar om tilhøvet mellom prestetenesta og soknerådet, og den inneheld forslag om å klargjere i tenesteordninga til prestane at dei er forplikta på dei planane og prioriteringane som soknerådet fastset. Denne forpliktinga er innanfor ramma av dei gjeremåla som elles er fastsett for presten i tenesteordninga. I begge sakene er det lagt til grunn at regelendringane ikkje inneber realitetsendringar, men at dei klargjer gjeldande rett.

Høyringa blir sendt til sentrale høyringsinstansar og eit utval av sokneråda og dei kyrkjelege fellesråda, men alle som vil, kan gi høyringsuttale.

Kyrkjerådet ber høyringsinstansane fylle ut eit digitalt skjema for høyringssvar. Dersom de ynskjer å gi ein samanhengande høyringsuttale til heile høyringsnotatet, kan den leggast inn under «andre kommentarar» nedst i skjemaet, men vi ynskjer likevel at de svarar på de andre høyringsspørsmåla.

Høyringsuttaler er offentlege etter offentleglova, jf. kirkeordningen § 42, og vil bli offentleggjorde på kyrkja.no.

Frist for levering av høyringssvar er 6. desember 2024.

Høyringsbrev – regulering av styringstenesta i Den norske kyrkja i kyrkjeordninga mv.pdf

Høyringsnotat - styringstenesta i kyrkjeordninga.pdf

Spørsmål til høyring om regulering av styringstenesta og tilhøvet mellom prestetenesta .pdf

Høyringsmottakere - kyrkjelege fellesråd.pdf

Høyringsmottakere - sokneråd.pdf

Sentrale høringsmottakere.PDF

Kontaktinformasjon for Kirkerådet

Besøksadresse: Kirkens Hus Rådhusgata 1-3, Oslo

Åpningstider resepsjon: Mandag-fredag kl. 08.30-15.30 


Du kan nå oss på tlf: 23 08 12 00 kl. 09.00-15.00.

 

Postadresse: Kirkerådet Postboks 799 Sentrum 0106 Oslo

Klikk her for å kontakte oss

Ansvarlig redaktør
Emil Tan Engeset

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"