Plan for kyrkjemusikk

Plan for kyrkjemusikk vart vedteken av Kyrkjemøtet 2008, og er eit ledd i ei samla strategisk tenkning rundt kyrkjelydsutvikling.

Plan for kyrkjemusikk

Kvifor «Plan for kyrkjemusikk»? Planen understreker og konkretiserer korleis kyrkjemusikken har ein heilt sentral plass i kyrkjelyden sitt liv. Hovudmålet med Plan for kyrkjemusikk er å styrke og sikre det kyrkjemusikalske livet i kyrkjelydane og kyrkja si formidling av tradisjonell og ny kyrkjemusikk. Planen kommuniserer retning og mål for det kyrkjemusikalske livet, skaper større medvit hos fleire, og er eit verkemiddel for prioritering av kyrkjemusikk. Plan for kyrkjemusikk er ein rammeplan som gjev kyrkjelydane hjelp til å utarbeide ein lokal plan for kyrkjemusikk

Planen startar med ei innleiing og eit kapittel om det teologiske grunnlaget for kyrkjemusikken. I kapitlet «Musikalsk verksemd i kyrkjelyden» finn vi ei innleiing om korleis kyrkjemusikken ber med seg både eit trusopplæringsperspektiv, eit diakonalt og inkluderande perspektiv, eit kulturelt perspektiv og eit profetisk perspektiv. Deretter skildrar planen sju grunnsøyler i den kyrkjemusikalske verksemda:

  • Gudstenester og kyrkjelege handlingar
  • Korverksemd
  • Heimen
  • Skule, barnehage og kulturskule
  • Institusjon
  • Kyrkja som konsertarena
  • Instrument og bemanning

 

 

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"