Biskopen mana til samarbeid i det nye året.

Samarbeid og fellesskap var gjennomgangstona i nyttårstala til biskopen under mottakinga i bispegarden søndag 19. januar.

-Eg trur vi treng meir samarbeid, stader der vi kan sjå kvarandre, og gjere noko saman. Heile Biskop Solveig sin nyttårstale kan du lese i lenka under.

Kvart år inviterer biskopen til nyttårsmottaking i bispegarden på Hamar. Hit kjem det gjester frå lag og organisasjonar som biskopen har samarbeidd med i året som har gått. Det kjem leiarar frå ulike delar av samfunnet, og religiøse leiarar for andre trussamfunn er også inviterte. Dette vert ein møteplass på tvers, der også presteskapet samlast for å dele tankar om året som har gått, og for å sjå inn mot det nye som kjem oss i møte.

Under samlinga er det talar, musikkinnslag og allsong. Drøset går lett over god mat og kaffikoppar med biteti attåt.

Det er slik fellesskap byrjar. Med menneskemøte i gode omgjevnader.

Slik ynskjer biskopen å leggje til rette for godt samarbeid i året som kjem.

Ho avrunda talen sin, med dette diktet av tømmerhoggaren Hans Børli frå Eidskog:

Styrken –

den virkelige styrke –

har i si hand en stav

som heter svakhet.

Den dagen styrken glemmer

å stø seg til denne mjå seljestaven,

da snubler den i en kingeltråd

og brekker lårhalsen.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"