Satsar på dåp

- Oi, no øydelegg eg visst sveisen din, seier presten når han turkar dåpsvatnet av hovudet til ungguten ved døypefonten, til fnising og latter frå folk i benkeradene. Jens og Jørgen Lyngved har vald å døype seg, for å kunne konfirmera seg i kyrkja. No vil biskopane i landet at fleire skal gjere som dei.

Tvillingane Jens og Jørgen Lyngved har akkurat vorte døypte av sokneprest Kåre Gloslie i Skjåk. Foto: Jorun Vang

Allereie då folk kom til Skjåk kyrkje fyrste søndagen i januar, var det tydeleg at dette var ein festdag. Flagga sto stivt ut i vinden og bar bod om at noko heilt spesielt var i vente. I gudstenesta denne dagen, skulle konfirmantane presenterast for kyrkjelyden. For to av konfirmantane var dagen ekstra spesiell, Jens og Jørgen Lyngved var ikkje døypte.

- Mor og far hadde ikkje tid da vi var små, seier Jens Lyngved.

Gutane fekk velje sjølve, og valde då å gjere som dei andre ungdomane i Skjåk, å konfirmera seg i kyrkja. Då måtte dei døypast fyrst.

Bispemøtet har trekt fram dåp som ei satsing i 2020. Det er og i tråd med kva medlemmane i kyrkja ynskjer. I medlemsundersøkinga frå 2019, går det fram at 80% av medlemmane i Den norske kyrkja ville vald å døype seg, eller borna sine, om dei fekk valet på nytt.

Dette seier biskopane våre om dåpen i eit eige opprop som lesast opp i kyrkjer over heile landet søndag 12. januar:

«Dåpen gir oss fellesskap med Kristus og med kristne søsken i den lokale kyrkjelyden og i den verdsvide kyrkja. Dette fellesskapet strekkjer seg over tid og rom, for det er éi tru, éin dåp og éi kyrkje. Det vi får i dåpen, gir oss mot og styrke til å elske Gud og nesten vår.»

Heile oppropet finn du i lenke under artikkelen.

Under artikkelen finn du også fleire bilete frå gudstenesta i Skjåk.

Det er ikkje slik at dåp berre må gå føre seg i ei gudsteneste.  Sjølv vart Jesus døypt i elva Jordan, slik det står skrive i evangeliet etter Markus (1. 9-11.)

«På den tida kom Jesus frå Nasaret i Galilea og vart døypt i Jordan av Johannes. Straks han steig opp av vatnet, såg han himmelen dele seg, og han såg Anden koma ned over seg som ei due.»

Hamar bispedømme har god erfaring med drop-in dåp der det er prøvd ut. Dette vil dei gjere meir av. I vekene 21 – 23 (frå 18. mai – 7. juni) vil det bli mogleg å stikke innom for å la seg døype, ein stad i kvart prosti. Meir informasjon om dette vil koma.

I Skjåk har sokneprest Kåre Gloslie døypt båe gutane i namnet til Faderen, Sonen, og den heilage Anden. Dei har fått dåpsattesten sin, står stolte og glade og blir teken godt imot av kyrkjelyden og jamaldringane sine. Vi syng dåps-salmen om den store og mektige gåva som Gud eingong har sendt.

- Det var litt skummelt, men gjekk fint, seier Jørgen. No skal dei heim til selskap.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"