Takk til ein diakon-gründer

Per Emanuelsen var landets fyrste , andre og tredje prostidiakon. Det starta i Vest- Telemark prosti i 1985. No takkar han av.

Per Emanuelsen (t.v.) fekk eit oliventre i gåve frå diakonirådgjevar Erling Jakobsen.

Det starta i Vest- Telemark prosti i 1985. I Aust-Nedenes prosti har Per Emanuelsen arbeidd som prostidiakon dei siste fire åra. Mellom desse to pioneroppgåvene tok han på seg å være prostidiakon i Otredal. Søndag 13. mai vart det i Tvedestrand kyrkje markert at eit spesielt arbeidsliv er over.

Per Emanuelsen har hatt spesielle evner som ein kreativ og nyskapande diakon.

Ingen trudde at slike stillingar kunne fungere. Men det har synt seg at denne måten og arbeidsmetodikken, grunnleggande utarbeidd av Per Emanuelsen, har  fungera så godt at det etter kvart har blitt fleire slike stillingar. Tre av dei i Agder og Telemark bispedømme, som altså alle er starta av Per Emanuelsen. Og kvar einaste gong har det blitt faste stillingar av det.

Det var mange gode ord til ein trufast diakon i Tvedestrand. Mange blomar, helsing frå prosten og eit oliventre frå diakonirådgjevaren i Agder og Telemark, Erling Jakobsen. Frå Diakonforbundet fekk han Maltesarkross med vigslingsdatoen.

Per Emanuelsen vart vigsla av biskop Bergan i Nissedal kyrkje 10. januar i 1985. Den 16. mai fyller han 67 år. Den siste tenesta han har i Aust Nedenes prosti er å "avspasere" gjennom prostiet. Starten går frå Holt kyrkje den 12. juni.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"